Torsdag vart det kjent at Norways’ Best Group AS (NBG) blir 100 prosent eigar av The Fjords. Det skjer etter at dei kjøper Havila sin 50 prosent eigarandel.

Det kjem fram i ei pressemelding frå selskapet.

– The Fjords er i front som tilbydar av fjordopplevingar til framtidige generasjonar av reisande. Med 100 prosent eigarskap i selskapet vil NBG vere enno betre rusta til å realisere vår ambisjon som nasjonalt reiselivsselskap, seier Per Brochmann, konsernleiar i NBG.

– Vårt mål på sikt er å vere med å etablere fleire heilskaplege reisemål andre stader i Noreg, basert på Flåm-modellen, legg han til.

Foto: Lasse Styve Andersen

Lokalt reiseliv

- Dette er ein fantastisk dag for Norway’s Best Group (NBG) og for eigarane våre. Det er også ein stor dag for det lokale og regionale reiselivet, seier Øyvind Hasaas, styreleiar i NBG.

The Fjords vart etablert i 2015, som eit 50/50 samarbeid mellom Flåm AS (no Norway’s Best) og Fjord1.

Øyvind Hasaas, styreleiar i NBG. Foto: Espen Solli

– Norways’ best har vore gjennom tøffe år under og etter pandemien. Eigarane våre, Siva, Aurland Eige, Schage og Sogn Sparebank, har stilt opp med betydeleg økonomisk støtte under svært utfordrande år, seier Hasaas.

– No har eigarane, saman med Okken Kraft i Lærdal, stilt opp for å finansiere investeringa i The Fjords, ei investering som skal sikre vidare utvikling og vekst, lokal og regional verdiskaping og arbeidsplassar. Okken Kraft sitt betydelege bidrag i dette syner at regionalt næringsliv har tru på NBG som reiselivsselskap, legg han til.