Temperaturane har vore gode dei siste dagane. Men varmare temperaturar har også ført til at mykje snø har smelta på kort tid.

Dette har ført til mykje gjørme på ein mindre del av Tindevegen.

Tindevegen opplyser på Facebook fredag kveld at det er behov for ny masse i dette området og at reisande bør velja ein anna reiseveg.

– Det trengs ny masse som me vil prøva å få på i kveld, skriv dei i innlegget.

Dei reknar med at vegen er open igjen laurdag morgon.