Tysdag klokka 16:00 opnar Tindeven for sesongen. Det kan Frank Eldegard stadfesta.

Det har vore litt varierande vêr i fjellet dei siste dagane, så eit nøyaktig opningstidspunkt var vanskeleg å slå fast - før no.

– No ser me at me kan opna for trafikk, seier Eldegard.

Men, forholda er ikkje dei beste heilt enno.

– Når me fyrst skulle opna så hadde me lysst til å venta til me ikkje måtte nattestenga. No er det trygge og gode forhold, men folk må ha vinterdekka på om die skal over. I alle fall dei fyrste vekene.