annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

"Å sjå og bli sett"

03.10.2009 18:37:41

Den anerkjente kunstnaren, Åse Bjørnestad Dale, imponerte med kreative og flotte bilete.

Nettverkskvelden i Lærdal baud på meir enn god mat og drikke. I møte med kunstnar Åse Bjørnestad Dale, blei ein nærare kjent med det rike symbolspråket og fargane i bileta hennar.

 

Gode tilbakemeldingar

 Deltakarane var imponert over symbolikken i bileta til Åse Bjørnestad Dale.

Etter å fått mange gode tilbakemeldingar på nettverkssamlinga i april, valde iniativtakar Caroline Houtman å leggje den andre samlinga til Lærdal.

 

- Me satsar på å ha tre samlingar til før april. Den neste vil bli i Aurland i slutten av november, eller i byrjinga av desember. Då er det berre for kvinnene å møte opp. Me ordnar med transport til og frå, og det er alltid eit spanande og aktuelt innslag i tillegg til noko å bite i. Per idag kostar det ikkje noko, seier den entusiastiske eldsjela frå Nederland.

 

 

Anerkjent kunstnar

 Bjørnestad Dale er ein annerkjent kunstnar, som var det store trekkplasteret under nettverkskvelden.

"Å sjå og bli sett" er tittelen på forelesinga til kunstnar Åse Bjørnestad Dale frå Aurland. På nettverkskvelden i Ljosheim ungdomshus på Ljøsne, fekk kvinner frå Aurland, Kaupanger og Aurland, oppleve den kreative kunstnaren på nært hald.  

 

- Eg har alltid hatt interesse for bilete, former og fargar. Heilt frå eg var eit par år gamal har dette vore ein viktig del av meg. Idag prøver eg å gjere eit levebrød av kunsten, seier den anerkjente målaraen.

 

I tillegg til fleire utstillingar, blir det òg ein del bestillingsverk.

 

- Å jobbe med eit bilete er ein lang prosess. Målet er at det skal vere godt å hengje på veggen, seier Bjørnestad Dale.

 

 

Symbolikk i bileta

 F.v. Siri Kaldenbach får overrekt eit bilete med sterk symbolikk i av Åse Bjørnestad Dale.

Fleire av bileta til Bjørnestad Dale har innslag av klovnar. Desse skal symbolisere alle rollane som vi mennesker har. Fargane i bileta har òg sin eigen symbolikk.

 

- Ikkje ein farge er tilfeldig. Medan eg jobbar kan fargane kome av seg sjølv. Bildet blir på ein måte skapt undervegs. I biletet  " I mitt innerste kammer" symboliserer blått både friskheit og balanse, medan turkis gir ein meir kjølande effekt, seier biletekunstnaren.

 

Bjørnestad Dale finn òg inspirasjon til bileta sine i musikken.

 

- Ein artist som har gitt meg inspirasjon er Leonard Cohen. Hans beskrivele av begrepet "lengsel" er svært sterkt. For meg betyr musikken harmoni og balanse, seier Bjørnestad Dale vidare.

 Finske Maija Raatevaara, kjent frå Gamle bakeriet i Lærdal, stod for matlaging og servering.

Sjølv tykkjer ho det er opplevelse å skape eit bilete. Likevel innrømmer Bjørnestad at det kan vere godt å få eit bilete ut av huset, når ein har jobba med det både dag og natt over lenger tid. Ikkje alle måleri klarar ho å gi slepp på. Eit som hengjer sentralt i heimen hennar, symboliserer ordtaket "Den største gleda ein kan ha, er å gjere andre glad".

 

-Dette utrykket gir meg positiv energi. Derfor har eg teke med eit trykk av dette biletet i kveld, slik at ein av dykk skal få det med heim, avslutta Bjørnestad Dale. 

 

 

God mat og drikke

 Det blei servert delikatesser av ulike salg og vin under nettverkskvelden i Lærdal.

Hjå dei 16 kvinnene som hadde sett av kvelden til å bli betre kjent med symbolikken i bileta til Bjørnestad, var spenninga til å ta og kjenne på. Då den heldige vinnaren blei trukken, var det den yngste deltakaren, Siri Kaldenbach, som fekk æra av å ta med det spanande og sprudlande bilete heim.

 

- I utgangspunktet var eg med for å hjelpe til på kjøkkenet, men dette var kjempekoseleg, utbraut Kaldenbach.

 

Medan kvinnenettverket blei bergtekne av kunsten si verd, var Siri Kaldenbach og finske Maja Raatevaara, kjent frå Gamle bakeriet i Lærdal, i full sving på kjøkkenet med å diska opp den eine delikatessen etter den andre. Sosialt samvèr med god mat og drikke sette punktum for ein vellukka nettverkskveld.

 

  

 

Tekst/foto: Anne Karin Skjær Brugrand 

 

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel "Å sjå og bli sett"
Innhald Nettverkskvelden i Lærdal baud på meir enn god mat og drikke. I møte med kunstnar Åse Bjørnestad Dale, blei ein nærare kjent med det rike symbolspråket og fargane i bileta hennar....
Melding til mottakar