annonse
Tips oss
Annonse

Toppmeny

Skapar ny møteplass

20.04.2009 12:45:26
25 på oppstartmøte for kvinnenettverk

Førelesar Oddrun Midtbø deler erfaringar om synleggjering og nettverksbygging.I midten av april var det oppstartmøte for Kvinnenettverket Aurland og Lærdal. Rundt 25 kvinner frå Aurland, Lærdal og Årdal, tok turen til Trudvang kino.

 

 

Kvelden starta med velkomstdrikk, deretter førelesing og til slutt sosialt samvær med ein matbit og glas vin i det trivelege Trudvanglokalet. Oddrun Midtbø, frilansjournalist, fotograf og illustratør frå Sogndal, trefte riktig tone i førelesinga ”Usynleg eller synleg. Åleine eller i nettverk”, som var rikeleg krydra med personlege erfaringar. Dei tre kvinnene frå Samklang Kulturkafé – eit nytt initiativ i bygda - stod for pynting og matlaging.

 

 

 

Kvinnenettverket vart til etter eit initiativ frå Caroline Houtman, opphavleg frå Nederland. Ho har budd i bygda i over to år, og gleder seg til alle nye kontaktar som oppstår gjennom nettverket. Houtman er glad for spennet på dei som møtte fram til første nettverkssamlinga; både i alder, bakgrunn og status som innflyttar eller ekte bygdefolk. 

 

 

Utvide omgangskrinsenArrangør Caroline Houtman ser nøgd tilbake på oppstartsmøte av kvinnenettverket.

 

 

 

-Det er mange her som aldri har helst på kvarandre før, og fleire finn kanskje ut at dei kan ha nytte av å utvide omgangskrinsen sin, seier Houtman som sjølv noterte seg fleire nye kjenningar. Etter stemninga å døme var det mange som fann tonen utover kvelden.

 

 

 

Nettverket planlegg fire samlingar i løpet av eit år. Møtestad vil veksle mellom Aurland og Lærdal.

 

 

 

 

steinar@porten.no

 

 

Foto;www.oransje.com

 

Tilbake

Tips ein ven

Frå
Frå e-post adresse
Til
Til e-post adresse
Tittel Skapar ny møteplass
Innhald 25 på oppstartmøte for kvinnenettverk...
Melding til mottakar