– Laurdag 25. mai inviterar Vinjerock til den nye barnefestivalen Vesle-Vinje, eller heilt ny er den no kanskje ikkje, seier festivalsjef Guro Furunes Pettersen.

Festivalsjefen kan allereie avsløra at countryheltane frå Bergen, Embla and the Karidotters tek turen.

Det er fyrste gong gjengen bak Vinjerock arrangerar barnefestival som er open for alle. Etter fleire års samarbeid med Høre og Fredheim barnehage omkring arrangementet Vesle-Vinje er Vinjerock no klare for opne dørene for alle som ynskjer å oppleve god festivalstemning for heile familien.

– Me har vore så heldige å funne utruleg gode samarbeidspartnarar hjå barnehagane her i Vang kor me saman med dei og ungane har fått prøvd ut konseptet barnefestival i meir lukka formar. Det har vore uvurderlig å få lov til å teste ut kva som fenger barna før me no satsar litt større, fortel prosjektleiar Ingebjørg Blomlie Müller.

Prosjektleiaren kan freiste med line-dance og country med Embla and the Karidotters. Det blir òg barnedisco, eit mylder av aktivitetar å boltre seg i og eit litteraturprogram.

Müller byr på mykje, men litt må dei halde att:

– Ein kan jo ikkje avsløre heile programmet med ein gong.

Med seg på laget har dei Vang Frivilligsentral og Vang Folkebibliotek.

– Det er viktig for oss å dra med oss så mykje av lokalsamfunnet vårt som mogleg, dette er jo heimen vår. Og då er det heilt naturleg med eit tett samarbeid med våre nærmaste naboar som held til i same bygg og sit med spisskompetanse på sine felt, fortel prosjektleiaren.

Arrangørane bak Vesle-Vinje har også stelt i stand «betal det du ynskjer»-konseptet.

– Me ynskjer at festivalen skal vere tilgjengeleg for alle barnefamiliar som ynskjer å vitje festivalen. Me har difor innført at publikum betalar det dei sjølv har moglegheit til, eller sjølv ynskjer. Ein skal ikkje stikke under ein stol at det kostar å lage festival, men det er desto viktigare at dette er eit tilbod som flest mogleg har tilgong på, fortel Müller.