Hovudutvalet for kultur, idrett og integrering i Vestland fylke har tildelt 30 000 kroner til Stiftinga Ormelid Gård i Luster.

I tillegg tilrår dei til Riksantikvaren at Stiftinga Ormelid får tilskot til rydding av ein historisk gardsveg.

Den same tilråinga gjeld og for Vener av Aurlandsdalen. Dei driv skjøtsel, vedlikehald og utvikling av servering- og overnattingstilbod langs ferdslevegen i Aurlandsdalen.

Det skriv Vestland fylkeskommune om i ei melding på sin eigen nettstad.

I alt vart det løyva 82,5 millionar kroner til kulturminnetiltak i Vestland fylke under møtet.

Stian Davies er leiar for hovudutvalet. Han seier dette i forbindelse med løyvingane og tilrådingane for støtte:

– Tilskotsordningane bidreg til å sikre viktige kulturminne og kulturmiljø i Vestland. I tillegg bidreg dei til berekraftig verdiskaping og bruk. Ikkje minst er istandsetjing av bygningsarven eit godt klimatiltak. Om vi i større grad nyttar eksisterande bygningar, vil det redusere behovet for nybygg og slik redusere klimaavtrykket.