Sæmund Stokstad, Laila Elvagjeng

Det er mange slagord som har si tid, men som etter kvart vert utdatert. SV sitt slagord, «Barn og unge først» frå slutten av 90-talet er ikkje eitt av dei. Lærdal SV er overtydd om at lukkelege og trygge barn gir lukkelege og trygge vaksne. Og me trur at å fokusera på dette gjer Lærdal til ein endå meir attraktiv plass å bu.

Dei siste fire åra har SV vore sentrale i å løfta barn og unge på prioriteringslista. Kommunestyreperioden starta med ein stor diskusjon kring ungdomsklubben vår. Ei plassering vart etter kvart landa, og ungdomsklubben er etter dei tilbakemeldingane me får, svært populær. Vidare har SV stått i front for å sikra eit framtidsretta oppvekstsenter i Borgund og vidare tek me grep for å sikra framdrift i prosjekta ved Lærdalsøyri skule. I løpet av dei neste fire åra ser me også føre oss at me må ta tak i barnehagen på Lærdalsøyri. Ungane våre og dei tilsette må ha gode fasilitetar i kvardagen sin.

I tillegg til dette er me svært stolte av ordninga med gratis SFO. SV sentralt har sørgja for gratis kjernetid for 1. og 2. klassingane. I Lærdal har SV lokalt sørga for at 1. klassingane har fulltid gratis SFO. Lærdal SV kjem til å fremja forslag om at også 2. klassingane skal få fulltid gratis SFO i budsjettdrøftingane denne hausten. Om me får med oss fleirtalet på det, er me halvveges mot målet om at SFO skal vera gratis for alle.

Gratis SFO er sjølvsagt viktig for småbarnsfamiliane. Det sparar ein familie som har eitt barn på SFO for om kring 30 000 kroner i året. I ei tid der alt vert dyrare, kan dette vera svært viktig for mange. I tillegg sikrar det at alle får tilgang til den same arenaen og dei same vaksenressursane. Difor er gratis SFO eit viktig verkemiddel i kampen mot ulikskap. Alle skal få vera med på leiken!

For å sikra gode tilbod til barn og unge meiner me at fleire vaksne er avgjerande. Me kan ikkje heile tida legga oss på minimumskrava når det gjeld bemanning. At det er nok vaksne, er viktig for ungane, men det er også viktig for å sikra kontinuitet blant dei tilsette. Barnehagelærarar, tilsette på SFO og lærarar i skulen må føla at dei har tid til kvar einskild elev.

Me trur ein god start er å innføra ein Lærdalsmodell for bemanning i barnehagane. I dag er minimumsnorma at det skal vera éin tilsett per 3 barn under tre år og per 6 barn over tre år. Lærdalsmodellen skal sikra minimum 1 tilsett per 2,25 barn under tre år og minimum 1 tilsett per 4,5 barn over tre år. Dette håpar me at kan bidra til ein betre arbeidskvardag for dei tilsette, betre rekruttering til eit av våre viktigaste yrke og at dei tilsette vert lenger i jobben. Og sjølvsagt trur me dette er bra for ungane som er i barnehagen.

Sist, men ikkje minst, meiner Lærdal SV at me må sørgja for fleire møteplassar for ungdommane våre. Som tidlegare nemnt har me ein god ungdomsklubb. Kanskje kan det vera ei god investering om ungdomsklubben hadde vore open ein dag lenger? Kanskje er det ei betre løysing å legga til rette for at ungdommane kan møtast andre plassar. Me trur uformelle møteplassar, der det er tilgang til trygge vaksne, kan gjera ungdomane betre rusta for framtida.

På måndag er det val. Me håpar du vil stemma på barn og unge. Det er dei som er framtida vår. Godt val!