Ingen går gjennom livet utan å bli ramma av kreft. Når ein me er glade i får kreft, er det einaste me ønskjer at hen skal bli frisk igjen. Takka vera russen og elevar ved vidaregåande skular det fantastiske engasjementet sitt, og takka vera små og store donasjonar frå enkeltpersonar og næringsliv, har me i år samla inn over kr. 36 millionar til kreftforsking.

Dette er eit viktig bidrag til å gi fleire kreftpasientar som kan ha bruk for det ein gentest. Det er veldig godt nytt for alle kreftpasientar med spreiing, og bidreg til å gi håp.

Kreftforeningen jobbar for kreftsaka kvar dag, heile året, men akkurat i mars tek me eit skikkeleg krafttak mot kreft. Ved hjelp av fleire tusen russ og elevar ved vidaregåande skular, og andre engasjerte frivillige over heile landet samlar me inn pengar til kreftforsking gjennom Kreftforeningens Innsamlingsaksjon.

Sidan 2006 har denne folkerørsla bidrege med meir enn 470 millionar til livsviktig kreftforsking, og etter aksjonen i år har me totalt samla inn over ein halv milliard(!). Det vitnar om eit heilt fantastisk engasjement for kreftsaka!

Ein av dei verste tinga du kan høyra, når du går til legen er «Du har fått kreft». Heldigvis er det slik i dag at tre av fire overlever kreftsjukdommen sin. Men sjølv om dei fleste overlever, er det framleis krevjande å behandla sjukdommen når han har spreidd seg. Ved å bidra til aksjonen i år, er du med på å gi pasientar som lever med spreiing, eit nytt håp: at fleire får tilbod om å ta ein gentest av kreftsvulsten, som kanskje kan visa at dei kan ha nytte av ny og betre behandling.

Gentesting er svært kostbart. Det krev at ein har folk tilgjengeleg for å kunna gjennomføra gentestane, og ein må ha folk og spesialisert utstyr for å kunna gjera analysar på molekylært nivå. Budsjettkutt i universitetssektoren og ved sjukehusa gjer forskingsmiljøa endå meir avhengig av ekstern finansiering.

Kreftforeningen finansierer allereie ein tredel av all kreftforsking som blir gjort i Noreg. Takka vera alle dei som har stått på, og alle dei som har gitt eit bidrag til Kreftforeningens innsamlingsaksjon, kan me no gi avgjerande midlar slik at fleire kan få tilbod om ein slik gentest i framtida.

Det har vore ei sann glede å følgja alle dei som har engasjert dykk i Kreftforeningens innsamlingsaksjon i år. Russ og elevar ved vidaregåande skular i heile Noreg har bidrege ved å gå dør-til-dør med vipps-plakatar, ved å arrangera og springa sponsorløp, ved å klippa av seg håret, hoppa i havet, arrangere toppturar til diverse fjelltoppar og alle dei andre artige tinga dei gjer for å samla inn pengar, og for å skapa engasjement for kreftsaka.

Privatpersonar, næringsliv og lag og organisasjonar i heile det langstrekte landet vårt har delteke og bidrege til dette krafttaket, leia av ungdom ved vidaregåande skular. Me blir stolte, rørte og glade over russ som seier at dei ikkje har lyst til å gi seg med innsamlinga enno, men vil halda fram arbeidet for kreftsaka ut skuleåret.

Engasjementet i heile Vestland fylke har vore enormt, og faktisk har me samla inn meir pengar enn noko anna fylke. Det kan me mellom anna takka russen og elevane ved Årdal VGS for.

Dei har gjennomført ein dør til dør aksjon med vippsplakatar, og takka vere ein kjempeinnsats har dei samla inn kr. 125.374,-. Me kan ikkje få uttrykt med ord kor takksame me er for desse pengane til kreftforsking, og for dette fantastiske engasjementet elevane ved Årdal VGS viste rundt Kreftforeningens Innsamlingsaksjon.

Men det er ikkje berre russen og elevane ved Årdal VGS me skal takka, for utan alle de som har bidrege med pengar til Kreftforeningens Innsamlingsaksjon, hadde vi ikkje samla inn ein einaste krone. Privatpersonar og næringslivet har nok ein gong stilt opp for kreftsaka i Årdal.

Alt i alt har dette engasjementet bidrege til å samla in totalt kr. 5,5 mill. i Vestland fylke og over kr. 36 millionar i heile landet, som skal bidra til at fleire som kan ha nytte av det, skal få tilgang til ein gentest av svulsten sin. Og altså over ein halv milliard til kreftforsking sidan 2006.

Og framleis kjem det inn pengar på kontoane våre frå russ som ikkje gir seg. Me i Kreftforeningen vil nytta høvet til å seia tusen takk for di støtte til kreftforsking på gentesting. Di innsats og støtte er uvurderleg, og utan deg, anten du er ein som har bidrege med engasjement eller med pengar, hadde me ikkje samla inn ei einaste krone.

Som genforskar Stian Knapskog ved Haukeland Universitetssjukehus seier: «Vi søkjer støtte overalt. Som forskingsleiar kan eg seia at all mi forsking er eksternt finansiert. Og fleire av dei kliniske studiane våre, som også går på gentesting, er finansierte av Kreftforeningen. Eg kan faktisk ikkje få understreka nok kor viktig Kreftforeningen har vore for kreftforskinga i Noreg.»

Og me i Kreftforeningen kan ikkje få understreka nok kor viktig du og bidraget ditt til Kreftforeningens Innsamlingsaksjon er for oss.

Tusen, tusen takk for bidraget ditt.