Einar Rysjedal

Regjering og stortingsfleirtal nektar å gjere noko med straumprisane. Dei avviser alle forslag om makspris på 35-45 øre pr. kWh, anten det kjem frå Raudt eller frå norske kommunar (sjølv frå kommunar som for det meste er AP-/SV-styrte). Produksjonsprisen på straum er som kjent 11-12 øre pr. kWh!

Regjering og stortingsfleirtal avviser alle forslag om redusere den krafteksporten som fører til import av blodprisar på straum – førebels avgrensa til områda sør og aust for oss. Det blir lagt opp til ei nybygging av linjenettet for å frakte dei kontinentale blodprisane over Sognefjorden og ramme også resten av Sogn og Fjordane og landet nordover.

Kraftprodusentane nærmast tømmer vassmagasina, for no er det ekstra-profitt å hente. Det gjer det mogleg å auke direktør-lønene og styrehonorara.

Regjering og stortingsfleirtal er urokkelege i si tru på at marknaden. Ein av FrP sine energistatsrådar, Tord Lien, sa i 2013 at utanlandskablane var nødvendige for å få opp straumprisane. Kablane ville føre til ein prisauke på berre 3-4 øre pr. kWh, sa NVE (eller var det Statnett?), og deretter ville prisane gå ned.

Vi har ikkje sett noko til prisnedgangen på straum endå, men derimot ein prisvekst til no på både 10, 20 og 40 gonger den førespegla veksten på 3-4 øre pr. kWh. Det einaste praktisk-politiske tiltaket frå regjeringa si side, er å opprette ein energikommisjon som skal levere ei innstilling i desember! Vi kan mest truleg vente oss «God jul og godt nyttår».

Som om ikkje auken i straumpris og drivstoff er nok; Norges Bank aukar renta – førebels med 0,5 %. Og etter nyttår kan renta blir auka endå eit/nokre hakk! Sentralbanken har auka renta for å dempe prisveksten, skriv sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ein kronikk, først publisert på NRK Ytring. (NB: Vi snakkar om ein prisvekst som i stor grad skuldast prisveksten på straum og drivstoff!).

Renteauken går mest utover dei som frå før er hardast ramma av prisveksten på straum og drivstoff. Den rammar ikkje lenger berre dei som frå før har det tyngst; økonomisk vanskelegstilte, som uføre og minstepensjonistar, men faktisk også den jamne lønsarbeidar. Den rammar ikkje berre dei økonomisk svakaste arbeidsplassane/bedriftene, men langt fleire. Det kan føre til auka arbeidsløyse.

Regjering og stortingsfleirtal er urokkelege i si tru på marknaden når dei let kraftbransjen og sentralbanken styre. Det som skulle bli vanlege folk sin tur, og som gav mange eit visst håp, har blitt kapitalmakta sin tur. Her må det gjerast noko drastisk!

Einar Rysjedal, leiar i Raudt Høyanger