Marie Helene Hollevik Brandsdal, Pål Adrian Ryen

Det er krevjande tider. Etterdønningane etter koronakrisa og krigen i Europa påverkar oss. Framtida er meir usikker enn før. Klimaendringane er her og det er noko me alle kjenner på! I krisetid og omstilling er det avgjerande å skapa tryggleik for arbeid og velferd.

Arbeiderpartiet sine kjerneverdiar er fridom, likskap og solidaritet. Me vil ta ansvar for jorda og for våre born og unge, som kjem etter oss. For oss er arbeid, velferd og klima dei viktigaste prioriteringane.

Det gode liv kjem ikkje av seg sjølv og i Vestland veit me dette! Me har alltid erfart at me må skape for å dele! Me kan hardt arbeid og sette tæring etter næring. Me har dei høge fjella med dei store fossefall! Me har dei djupe fjordane og me har det frodige landskapet, som er matfatet vårt. Og vår natur gjer oss til eit reisemål i verdsklasse!

Våre unike naturressurser er gullet vårt! Og me vil nytta dei for å skapa, slik at me kan dela. Me treng eit sterkt vestlandslandbruk, som produserer trygg og god mat. Ei sjømatnæring som bidreg til både sysselsetting, verdiskaping og matproduksjon. Ein trygg og framtidsretta industri og eit reiseliv som er heilårsnæring, med trygge, faste arbeidsplasser.

Klimaendringane er globale, men Vestland Arbeiderparti meiner at årsaka og løysingane er lokale. Det grøne skiftet og krav om kutt i klimautslepp krev nye løysingar. Næringslivet vårt syner at dei er verdsleiande og evnar å utvikla ny tenknologi som kan møta utfordringane i framtida. Mange av klimaløysingane ligg i industrien.

Olje- og gassindustrien, maritim industri og leverandørindustrien bygger no det neste energieventyret i Noreg. Karbonfangst og -lagring, hydrogen, havvind, batteriteknologi, bioøkonomi, solenergi og grøn skipsfart kan bli nye store næringar i Noreg.

Me skal arbeida inn mot staten for å få meir kraft fram. Dette må skje på ein mest mogleg skånsom måte av omsyn til naturmangfald, landskap og busetnad.

Tilgang på rein fornybar kraft er gullet vårt! Vestland Arbeiderparti vil at vasskraftressursane våre skal nyttast, slik at det også i framtida skal vere grunnlag for industriproduksjon i fylket. Me har urørde naturområde med stort biologisk mangfald. Me skal verne om naturmangfaldet og arbeida for meir produksjon med minst mogleg inngrep! Me har eit ansvar for våre framtidige generasjoner, for solidaritet med framtida!

Vestland Arbeiderparti vil ta heile fylket i bruk og samarbeida med næringslivet om utvikling, innovasjon og utdanning av dyktige tilsette. For å lukkast med omstilling og utvikling av næringslivet, og sørgje for at næringslivet og det offentlege i Vestland har tilgang på nok arbeidskraft og kompetanse.

Me skal saman legge til rette for ein inkluderande fellesskule for alle, der læraren skal ha tillit til å lære. Dei unge skal få ta utdanning, nær heimstaden sin og me skal styrka laget rundt eleven. Me skal vera garantisten for gratis skulefrukost. Me vil innføre ein læreplassgaranti og skapa fleire moglegheiter til yrkesfagleg høgare utdanning.

Det skal vera trygt og godt å bu i Vestland. For Vestland Arbeiderparti er arbeid til alle, jobb nummer ein. Høg sysselsetting og eit organisert arbeidsliv er ein føresetnad for eit tillitsbasert samfunn med små skilnader. Det er grunnlaget for finansiering av den felles velferda vår. Me vil legge til rette for at alle får delta i arbeidslivet uavhengig av fysisk og psykiske barrierer. Saman med ei sterk fagrørsle vil me kjempa mot sosial dumping og arbeidslivkriminalitet. For rettferd og friheit!

Vegane vår skal vere trygge og binda Vestland saman. Fleire skal få moglegheit til å reisa med kollektiv transport. Me vil legge til rette for å utvikle nye løysingar som aukar kollektivbruken og gjere det gratis for born opp til og med 12 år på fritida, med mål om gratis kollektivtransport til fylte 16 år.

Saman med frivilligheita skal me legge til rette for at fleire får moglegheita til å delta i kultur, idrett og frivilligheit. Me vil arbeida for at alle skal få ei god folkehelse! Me skal arbeida inn mot staten for at tannhelsetenesta skal bli likestilt med anna helseteneste, slik at personleg økonomi ikkje blir avgjerande for om ein har råd til tannbehandling eller ikkje.

Når me skapar, kan me dele. Dei unge vil ynskje å bu her og dei vil koma heim. Og dei vil bli her og bu her, fordi me har tryggleik, moglegheit og fellesskap. Me får det til saman, fordi me dreg ilag!

Stao no pao, me vandrar saman. Gullet skal hem. Si, si,si. Bra, bra, bra. Heia, heia Vestland! Godt val!