Anita Hagen Lægreid

I snart 17 år har eg hatt den store gleda å jobbe svært tett på næringslivet i Årdal. Etter drøye 12 år som sjef for næringsmarknad i Indre Sogn Sparebank, 4 år som bedriftsrådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane og 3 månader inn i jobben som økonomisjef på Hydro i Årdal, er det heilt tydeleg for meg kor viktig næringslivet er for utvikling av Årdal.

Kvar einaste dag er eg vorte imponert over drivet, kompetansen og viljen som pregar næringslivet i Årdal. Ingen slår oss på det. «De er flinke i Årdal» og «Det skjer mykje i Årdal» var anerkjennande tilbakemeldingar eg ofte fekk frå andre kollegaer i Sparebanken Sogn og Fjordane. «Årdal er kjend for å vere framme i skoa» høyrer eg frå hovudkontoret til Hydro i Oslo.

Kvifor fortel eg dette? Oftast er det ikkje dette biletet av næringslivet i Årdal som pregar artiklar i media, diskusjonar på Torget eller innlegg og kommentarar i sosiale media. Etter mi vurdering, er det negativt fokus og «alt var betre før-mentalitet» som får mest merksemd. Eg kjenner meg ikkje att i dette og eg kjenner på eit stort ansvar for å framsnakke og heie på næringslivet for å gje eit balansert bilete.

Visste du at elektrolyseteknologi i verdsklasse vert utvikla i Årdal og at det er gjort langsiktige investeringar på 500 millionar ved Årdal Metallverk siste året?

Visste du at Årdal Boligbyggelag har etterinstallert heis i nær 300 burettslagsleilighetar? Eldre kan bu heime lenger og Årdal vert trekt fram nasjonalt som døme på korleis ein kan løyse bustadutfordringar.

Visste du at Impec leverer utstyr og maskiner utvikla i Årdal til aluminiumsverk over heile verda?

Vissste du at Årdal er definert som grøn hub i Vestland og at Grøn Region Vestland trekk fram Årdal og Årdal Teknologipark som døme på ein av hubane som er komme langt i arbeidet?

Visste du at dei famlieeigde konserna Sunde, Kleiven og Andersen i Årdal omset for meir enn 100 millionar kvar i 2022?

Visste du at Agnitio leverer kompliserte IT-løysingar til store, nasjonale aktørar frå kontoret i Årdal?

Me må alltid vise fram, framsnakke og legge til rette for næringsutvikling i Årdal. Lønsame bedrifter sikrar eksisterande arbeidsplassar og skapar nye. I tillegg er det mi erfaring at ein stor del av overskotet i dei ulike bedriftene vert reinvestert i drift og investeringar, noko som igjen legg grunnlaget for framtidig næringsutvikling.

Eit aktivt næringsliv og attraktive arbeidsplassar er etter mitt syn nøkkelen til at Årdal skal lukkast med å behalde og aller helst auke folketalet. Næringslivet er blodpumpa til Årdal og sikrar lys og liv i hus, næringsbygg, skular, idrettshallar og klubbhus. Næringslivet i Årdal er fullt av engasjement, optimisme og framtidstru. Lat oss heie på dei som satsar! Det er ingen sjølvfølgje!