Ingvar Laberg

I formannskapsmøtet 23. mars vart me vitne til eit velregisert skodespel med Senterpartiet sin Thomas Norheim Moen og kommunedirektør Stig Stark-Johansen i hovudrollene.

Ingen av dei var nøgde med at prosjektet var avgrensa til den kommunalt eigde Jernbanetomta. Enkelt fortalt vart kommunedirektøren sine luftslottplanar om å samla alt av helse- og omsorgstenester under eitt tak, eit prosjekt stipulert til nærare 7 – 800 millionar og meir realistisk nærare 1 milliard, stoppa gjennom politiske prosessar hausten 2022.

I kommunestyresak 051/22 fekk kommunedirektøren rammene for arbeidet med omsorgssenteret i 7 punkt, det første punktet handla om Jernbanetomta. Fram til dette hadde kommunedirektøren forhandla om oppkjøp av eit heilt kvartal i grensa mot Jernbanetomta, noko som vart halde hemmeleg både for politikarar og innbyggjarar.

Dette var m.a. bakgrunnen for krav om folkemøte og informasjon til innbyggjarane.

I formannskapsmøte 23. mars dukkar spørsmålet om oppkjøp av private forretningseigedommar opp på nytt. Spørsmålet frå Thomas Norheim Moen var: «Kor langt kan kommunedirektøren gå i eit slikt prosjekt før han har behov for meir areal?» Moen kjenner rammene i vedtaket i kommunestyret og legg til grunn at arealet på Jernbanetomta er for lite før prosjektet i det heile er i gang.

Her luktar det kokkelimonke mellom kommunedirektøren, som vart vengjeklipt i det nemnde kommunestyrevedtaket og representanten Moen som vil ha ei størst mogleg samling av tenester i nytt senter på Årdalstangen. Kanskje bør både Senterpartiet og kommunedirektøren ta inn over seg at kommunestyret har instruert aktørane i kva rammer som gjeld.

Eg går langt i å tru at kommunedirektøren bestilte spørsmålet frå Moen han liksom ikkje forstod i første omgang, og at Moen opptredde som «nyttig idiot». Uryddig framferd, både politisk og administrativt, spør du meg.