Rita Navarsete, Stig Ove Ølmheim

Ny barneskule bør ligga på Trudvang. Av sakspapira til formannskapet i komande veke kjem det fram at administrasjonen føreslår Kvåle som lokalisering for 1-7 skule i Sogndal. Det må byggast større barneskule i Sogndal sentrum.

Kommuneadministrasjonen hadde i februar ein presentasjon av arbeidet. Den gongen gjekk administrasjonen inn for å oreigne ei grend på Kvåle (Ingahaugen) til fordel for å bruka dagens tomt på Trudvang.

Ei tomt som kommunen allereie eig og som er sentrumsnær og flat. Husa ved Trudvang kjøpte Sogndal kommune opp for om lag 10 år sidan fordi ein skulle sikra areal til utviding av barneskule i framtida. I mellomtida skulle husa nyttast til gjennomgangsbustadar for folk fram til dei fekk seg eigna bustadar. Administrasjonen hevdar no at ein skal unngå å oreigne både hus og lokale for verksemder sjølv med Kvåle-alternativet, men kor realistisk er dette?

Kva er den eigentlege motivasjonen for å plassere skulen på Kvåle? Nesten samtlege av innspela som har kom offentleg i høyringsrunden har vore for Trudvang. Ikkje minst kom foreldreutval og tilsette ved skulane kome med grundige innspel til fordel for Trudvang.

Viktige og sentrale fagpersonar i kommunen har komme med eit innspel på nesten 50 sider med fagleg argument som let set etterprøva. Det framstår ikkje som om desse høyrt. Dei fleste av alle dei som har vist stort engasjement i saka og som har komme med innspel til prosessen kan bli motlause av mindre.

Me lurar på om det politiske fleirtalet verkeleg vil oversjå det store engasjementet som folk i kommunen har vist? Trudvangtomta og husa rundt allereie er eigd av kommunen. 17,5 dekar er Trudvangtomta om ein tek med husa som kommunen eig rundt. Sogndal Kommune har allereie 1 milliard i gjeld, korleis skal ein ny skule på Kvåle finansierast? Kva med andre investeringar som trengs i andre deler av kommunen? Me har berre ein kommuneøkonomi og difor må me som politikarar gjere kloke prioriteringar for framtida.

Arbeidarpartiet og Framstegspartiet går for Trudvang som sentrumsskule for 1.-7. klasse i Sogndal.