Ole Peder Kjeldstadli

KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland skriv i Porten at me løyser ikkje utfordringane i helsevesenet med å opne for aktiv dødshjelp, og at det er heilt feil medisin. Det har han rett i, ja det er til og med heilt feil diagnose. Frivillig aktiv dødshjelp eller livsavslutning skal på ingen måte avhjelpe personalsituasjonen i eit overarbeidt helsevesen, ei heller for å spara pengar. Og det er heller ikkje hjelp til sjølvmord.

Kven har eigentleg rett til å tvinga ein pasient til å oppleva ein langsam og smertefull død? Frivillig aktiv livsavslutning skal vera eit tilbod slik at det kan få opnast ein veg ut av meiningslaus liding når nettopp dette er vårt høgaste ynske.

Eg er veldig ueinig med Bjuland som hevdar at aktiv dødshjelp er prinsipielt gale, fordi det rokker med synet på menneskets verdi. Overstyre menneskets verdi retten til verdigheit? Retten til å leva eit verdig liv inneheld etter min meining også godkjenning av individets rett til å døy med verdigheit.

Rettferd eller likerettsprinsippet er viktige verdiar, og her ligg det nær å samanlikna med abort.

Likesom kvinner før loven om sjølvbestemt abort trådde i kraft ikkje hadde lik moglegheit til å fjerna eit foster på ein skånsam måte, men måtte tole smertefulle og helsetrugande inngrep, veit me at alvorleg sjuke og lidande menneske med økonomiske middel og gode samband (legar) gjerne får den hjelpa dei ynske når dei ikkje lenger held ut.

Andre må anten stå lidinga ut, eller ty til sjølvmordsmetodar som er sterkt belastande både for dei sjølv og omgivnadane.

Anker Møller skrev 1913 at kvinner som fikk utført abort, skulle gå fri for straff og ville frita legar for straff ved abortinngrep – for å spara kvinners liv.

«Grunnlaget for all fridom må vera rådigheit over egen kropp og kva i den er. Det motsatte er ein slaves tilstand» sa ho i eitt av over 70 føredrag om ugifte mødre og deira barns rettar. Slik kan me også nærme oss temaet å døy med verdigheit.

Ad verdigheit: 18. desember 2005 vart Sharon innlagt på Hadassah Ein Kerem-sjukehuset i Jerusalem Sharon kom aldri tilbake til medvit, og låg i koma på Sheeba-sjukehuset nær Tel Aviv til sin død 11. januar 2014. Er dette verdig måte å avslutte livet på?

Bjuland feiltolkar med omsyn til undersøkingar frå Oregon og hevdar at 40 prosent av alle som ysnker å ta aktiv dødshjelp, grunnar det med at dei føler seg som ein byrde for familien sin.

Me finner etter min oppfatning det klart beste systemet for dødshjelp i Oregon, der loven om verdig død har fungert i vel 20 år. Oregons dødshjelpspraksis er grundig vurdert av myndigheiter og forskarar. Professor Barbara Glidewell, som har arbeidet med å utdanne og hjelpe helsepersonalet til å gjennomføre oppgåvene på best mogleg måte, seier i ein rapport at det ikkje givast noka støtte til påstandar om at ein slik praksis vil føre til utgliding og uverdige tilstandar i dødspleia. Derimot kan me sei at tusen av lidande er trøysten og styrka ved å veta at det kunne vore mogleg å få dødshjelp viss sjukdommen vart utoleleg.

90 % av desse døde heime under pleie av det allmenne hospice-tilbodet.

Nasjonalt formidlingssenter i geriatri har sett opp 12 punkt som dei kallar «Prinsipp for ein verdig død»:

Å veta når døden kjem, og forstå kva ein kan forvente.

Å vera i stand til å bevara kontrollen over det som skjer.

Å vera i stand til å sikra verdigheit og privatliv.

Å ha kontroll over smertelindring og andre symptom.

Å ha kontroll med kven som er til stades og kven som skal dele den siste stunda.

Å kunne kome med ynskje som ein veit vil bli respektert.

Å ha tid til å seie adjø, og ha kontroll over andre tidsmessige forhold.

Å få lov å døy i tidas fylde, og ikkje få livet forlengt føremålslaust.

Professor Jan Bernheim i Belgia er ein av de fremste talsmenn for at menneske i ein ulekjeleg situasjon sjølv skal kunne treffe avgjerd om ein human og verdig avslutning av livet. Han viser at praksis i Belgia er at lindrande behandling og frivillig dødshjelp er verken alternativet eller motstripene.

Foreininga Retten til ein verdig død har ein visjon om eit samfunn kor legevitskap og sjukepleie i positivt samspel med etikarar og lovgjevarar kan skape eit samfunn kor alle menneske kan gå døden i møte med vissheit om at det vil opnast ein veg ut av meiningslaust liding når nettopp dette er vårt høgaste ønske.