Per Are Flåm

Eg viser til saka om buplikt i Aurland,som Porten skriv om torsdag 7.September.

Der kjem det fram at nesten alle innspel frå innbyggjarane, som er komme inn i høyringsrunden er negative til å innføra buplikt.

Dette synest varaordførar David Undredal er merkelig, og meinar at dei som har slike tankar og meiningar om buplikt, har bestemt seg på eit prinsippielt grunnlag. Har han ikkje tiltru til at innbyggjarane i kommunen, som tek seg bryet med å sende sine svar i høyringsrunden klarar å tenkje sjøl? Eller er det slik at han ikkje likar innspela og meiningane som er komme inn hittil?

Undredal tek og til ordet for at dei politikarane som er imot å innføre buplikt i kommunen, verken har lese saken, sett seg inn i saken, eller skjøna kva saken handler om. Dette er ein dryg påstand og lite samlande frå ein ordførarkandidat.

Eg kan iallefall forsikre Undredal om at i AP, har me både lese, sett oss inn i, og skjøna kva saken dreiar seg om. På det grunnlaget har me teke det standpunktet me har gjort i denne saka - ein demokratisk prosess som Undredal ser ut til å mislike.