Frå Meierigata 3 blei ombygd, av underteikna i 2007–2008 til 10 leiligheitar i 2. og 3. etasje, har bossdunkane blitt henta av kommunen sine utmerka renovasjonsbilsjåførar utan problem.

Men plutseleg finn de ut at denne ordninga er alt for god for «gamlingane» i Tangen Panorama (Meierigata 3). Kvifor??...

Eg har tidlegare etterlyst, og gjer det no på ny, kva krav dykk, direktør Stig Stark Johansen og teknisk sjef Ellen Petrine Fretheim, stilte i førespurnaden til Simas om overtakinga av renovasjonen i Årdal?

Som varamedlem til Årdal kommunestyre for Årdal Høgre, vil eg be om utskrift av relevante dokument vedrørande renovasjon i Årdal. Inkludert i dette ønskjer eg ein økonomisk oversikt som viser lønnsomheita ved overgang til Simas sine tenester.

Eg er av den oppfatning ar «allmenta» i Årdal, som bur i Årdal og som betalar skatt til Årdal, har krav på ein oppdatering. Det er moglegvis noko frekt, men eg spør likevel, kva kommunar har gleden og goden av Johansen og Fretheim sine skatepengar?

Ser fram til utfyllande svar.