Kjell Arvid Heen

Det er for perioden 2019-2029 utarbeida ein omfattande Helse og sosialplan for kommunen vår.

På vegne av brukarane i kommunen er Eldrerådet svært tilfreds med å ha vore med på utarbeidinga av den nye planen. Det er mange forhold i ein så omfattande plan som me ikkje er så mykje kjent med, men me har våre forventninga.

Me er klar over at kommunen har ein anstrengd økonomi, men me trur at god omsorg treng ikkje nødvendigvis å koste meir enn ein dårleg ein. Med godt leiarskap og eit felles positivt verdigrunnlag så kjem ein langt på veg.

Flotte og moderne institusjonar, og nyttig velferdsteknologi er viktige faktorar, men uten gode leiarar og tilstrekkeleg med pleiarar, som er tru mot felles verdiar som til dømes omsorg, nestekjærleik, medynk, og medkjensle, blir det vanskeleg.

Me har tru på at god livskvalitet skapast gjennom nærleik og kontakt og moglegheita til å sjølv styre sin eigen kvardag, sjølv om ein bur på ein institusjon i lag med andre. Meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar tilpassa den enkelte brukar meiner me er særdeles viktig og må prioriteras høgt.

Me har alle eit ansvar for å skapa ei god eldreomsorg, anten som leiar og pleiar av sjukeheim og heimesjukepleien, politikar eller veljar.

Den nye Helse og omsorgsplan 2019-2029, har vore arbeida med i ein lengre periode og det har vore ein omfattande prosess som har sikra brei representasjon av brukarar, politikarar, tillitsvalde, tilsette og administrasjon. Dette har blitt gjennomført som idékafé, arbeid i ni tverrfaglege grupper med brukarrepresentasjon og politisk ad hoc-utval som styringsgruppe.

Prosjektgruppa har vore samansett av gruppeleiarane, administrativ leiing, brukarrepresentantar og tillitsvalte. I tillegg er Agenda Kaupang rapporten «Utvikling av omsorgstjenestene 2018» eit viktig grunnlag for ny helse og omsorgsplan. I den seinare tid har det vore gjennomført idékafé, delt inn i 4 grupper.

Innspelet frå gruppene var klare på kva eit nytt omsorgsenter burde innehalde. Ei brei representert gruppe har og vore på synfaring på dei nye omsorgstenestene i Øystre Slidre og Sogndal.

Prosessen med å utarbeide ein ny Helse og sosialplan for perioden 2019-2029, har vore særs god der openheit og medvirkning har vore god.

Eg er ikkje samd i at dette så langt har vore ein lukka prosess. Eg vonar at me til slutt skal byggja eit nytt og moderne omsorgsenter på Tangen som me alle skal kunna væra stolte over.