Jørund Nygård

Spørsmålet om vindkraft i Årdal har blitt framstilt som eit val mellom å bevare store nasjonale naturverdiar eller industrien. Men sanninga er at Årdal som industrisamfunn er tvingande avhengig av attraksjonskrafta til den omliggande fjellnaturen ved Jotunheimen, Noreg sitt tak. Mister me alle dette umistelege, vil både Årdal og Noreg verte langt fattigare. Og er det rett at dette kan skje, utan at befolkninga vert høyrt?

Den spektakulære fjellheimen ved Utladalen, samt villreinområda lenger sør i Årdal-Lærdalsfjella, er no i stor fare. Øydeleggingane med vindkraftutbygging er vanskelege å fatte. I så kupert terreng, betyr breie vindkraftvegar enorme skjeringar og fyllingar. Og på flatsprengde fjelltoppar kjem vindturbinar på over 200 meter høgde, med blinkande høgintensitetslys på kvelden og støy over store avstandar. Øvre Årdal kan få vindkraftstøy frå mange retningar, grunna topografien som gjev refleksjon i høge fjellveggar. Villreinen vil miste viktige leveområde, og friluftsglede vil bli erstatta av økosorg. Dei enorme verdiane som Årdalsnaturen byr på i dag, vil bli til fattige millionar i kommunale inntekter.

Dei mange som heller ynskjer å bevare natur og bulyst, må sette si von til at deira meining kan bety noko i lokaldemokratiet og forvaltninga. Men for å kunne ha tillit til demokratiet, krevst opne og ryddige prosessar. Det er diverre ikkje det me har sett i Årdal til no.

I februar vedtok kommunestyret i Årdal, med ordførar Hilmar Høl (AP) i spissen, den følgande uttalen som me i Motvind Norge støttar heilhjerta opp om:

“Årdal kommune syner til at store deler av fjellområda er utbygd til vasskraft og at naturen si tolegrense for vidare landskapsinngrep i naturen til vindkraft etter vår vurdering er nådd. Årdal har store villreinområde og ein stor del av Jotunheimen nasjonalpark i kommunen. Dette representerer viktige miljø- og naturverdiar me vil hegne om. Dette er betydningsfulle områder for innbyggarane og dei dannar grunnlag for naturbasert næring og reiseliv som eit viktig supplement til industri.”

Med vindkraftplanane avvist, så var det ikkje lenger noko stor mobiliserande lokalsak på agendaen til kommunevalet, og berre Arbeidarpartiet og Høgre klarte å mønstre liste innan fristen.

Utan frykt for å misse ordførarkjedet i det komande lokalvalet, har Hilmar Høl på sjokkerande vis brote med kommunen sitt vedtak mot vindkraft. No seier han seg likevel villig til å gje vekk dei unike fjellområda i Årdal på billegsal, og er djupt inne i prosjektplanlegginga med å ivre Hydro til å overta prosjektet - i håp om at dette skal gje øydeleggingane legitimitet.

Om han hadde varsla i vinter at det var dette han meinte og ville gå til val på, så hadde det vore ei anna og ærleg sak. Ein ville truleg fått fleire politiske parti på startlinja som kunne mobilisert på nei til vindkraft. Men slik det er no, så har vindkraftsaka vorte eit spel som ikkje er eit godt lokaldemokrati verdig. Mange årdøler kjenner nok at dei ikkje lenger har ei stemme i korleis samfunnet deira skal sjå ut.

Me vonar sjølvsagt at Årdal Arbeidarparti på nytt innser at vindkraftplanar i så viktig natur vert feil, og tek ei samla avgjerd på å gå til val på å avvise planane. Men i motsett fall, så vil eit ja til vindkraft frå Årdal kommune berre ha legitimitet dersom det er støtta i ei eiga vindkraft-folkeavstemming. Vil ordføraren legge til rette for ei slik folkeavstemming slik at befolkninga kan bli høyrt i denne viktige saka?

Det er verdt å minne om at Arbeidarpartiet har stått opp for naturen i Årdal på modig vis tidlegare. Det var dei som satte tøffe miljøkrav til prosessindustrien på 70-talet, og dermed sikra at påverknaden på natur og folk si helse kom innanfor akseptable rammer. Det var då krisemaksimering om industridød, men resultatet vart innovasjon og positiv utvikling med moderne reinseanlegg.

I dag ser vi liknande krisemaksimering. Pådrivarane for vindkraft seier at om Årdal ikkje ofrar fjellnaturen med enorme vindkraftverk, vil industriarbeidsplassane forsvinne på grunn av kraftmangel.

Det er ikkje hald i påstandane. Det er stort kraftoverskot i Indre Sogn, og meir kan lett tilførast frå Sunnfjord og Nordfjord til å dekke framtidige behov i Årdal. Og ein rapport frå Enova viser at over halvparten av dagens energibruk i aluminiumsindustrien kan sparast inn gjennom energieffektivisering - til ein kostnad som er mykje lågare per frigjorte kWh enn regjeringa si varsla havvindsatsing. Dette kan Årdal kommune, fagrørsla, industrien og miljørørsla stå samla i å krevje statlege bidrag for å få til. Kraft til ny industrisatsing og kutt i klimautslepp finst - utan å ofre fjellheimen.

Kvifor legg ikkje ordføraren og Årdal AP si kraft i å sikre endringar i energipolitikken som gjev trygge rammer til industri og lokalsamfunn? Sjølv utan å endre marknadssystemet, der krafta i Indre Sogn får europeiske børsprisar, så kan regjeringa instruere Statkraft til å sikre levelege avtaler til kritiske hjørnesteinverksemder. Kanskje i byte mot at verksemdene deltek i eit felles krafttak for energieffektivisering?

Årdal er ikkje ei fattig kommune, og inntektene frå vindkraft vil vere små samanlikna med dei enorme nasjonale verdiane som vil gå tapt. Moglegheita for berekraftig naturbasert reiseliv som betydeleg næringsveg vil svinne. Og utan vakker nærnatur, rikt friluftsliv og bulyst, så vil Årdal slite kraftig med å sikre tilflytting. Tilbodet om ein jobb i industrien er ikkje godt nok aleine. Og om å busette seg i Årdal ikkje er attraktivt nok, så vil dei store industrisatsingane komme andre stadar, nærare byane der det er lettare å sikre ny arbeidskraft.

Me manar eit samla årdalssamfunn, med både fagrørsle og friluftsfolk, til å hegne om naturglede og livskvalitet. Ver stolt av den storslåtte naturen dykkar, og engasjer dykk for å bevare den til glede for alt levande, no og i all framtid!