Line Moen

Les at Sogndalsordføraren går hardt ut mot framlegget vedrørande lokalisering av påbygg til studiespesialisering, som skal opp på møte i Hovudutvalet for opplæring og kompetanse, onsdag komande veke.

Han er rysta over at Sogndal vidaregåande skule ikkje står på framlegget, til å ha påbygg komande skuleår. I Sogn er det mellom anna Årdal vidaregåande skule som har denne linja.

Klarar me å forstå at sogndalsordføraren skal jobbe dag og natt for å få påbygg til Sogndal?

Jo, det er ikkje vanskeleg å forstå dette – i ein ideell verda – i eit Sogn – der framtida var slik at folketalet auka – der andelen av den yngre befolkninga auka – der bygdene kunne hatt alle tilboda – der det var lange ventelister på alle linjene etc.

Men slik er ikkje Sogn i dag. Og i framtida vil den i alle fall ikkje vere slik.

Eg trudde me i Sogn var einige om at me må̊ styrkje kvarandre – for at alle bygdene i Sogn skal bli gode og berekraftige. At me skal bli enno betre på å utfylle kvarandre – samarbeide –framsnakke kvarandre.

Blir Sogn best, på at alle tilboda er i Sogndal? For å styrkje regionsenteret – må̊ alle bygdene rundt også̊ styrkjast. Sogndal klarar seg ikkje åleine.

Sogn må̊ vere eit bu- og arbeidsmarknad – i alle fall i framtida. Det må̊ vere slik at ein kan bu i Sogndal og til dømes jobbe i Årdal og motsett. Bygdene i Sogn er veldig ulike og utfyller kvarandre veldig godt – dersom me klarar å sjå̊ dette og respektere dette. Er ikkje Sogndalsordføraren einig i dette? På papiret? Men det er i handling ein viser sitt reelle eg.

Sogndalsordføraren trur ikkje det vil gå ut over påbygg i Årdal, om Sogndal får påbygg. På kva grunnlag kan han tru dette?

I alle dei åra som påbygg har vore ved Årdal vidaregåande skule, så har 30/40 % av elevane vore frå «Sogndalsområdet».

Det er viktig at dei vidaregåande skulane tilpassar seg på ein måte som styrkar dei. I ei framtid med færre elevar – er dette avgjerande for å styrkje skulane og tilbodet. Det er, og må̊ vere slik, at årdøler må̊ til Sogndal for å gav̊ på enkelte linjer og det same må̊ gjelde motsett veg.

Kvifor er det viktig at Årdal Vidaregåande skule får behalde påbygg?

Årdal vidaregåande skule er ein relativt liten skule. Årdal, som mange andre kommunar, har reduksjon i folketal og jobbar systematisk med å oppretthalde folketalet kvar dag. For Årdal er det svært avgjerande å behalde den vidaregåande skulen. påbygg er i denne samanhengen svært viktig. Kompetanse på allmenne teoretiske fag er avgjerande for skulen, også̊ på den yrkesfaglege avdelinga. Saman med påbygg har me fire klassar innan allmenne fag – som er eit minimum for å kunne drifte og rekruttere kompetanse innanfor allmenne fag – og dermed også̊ innan yrkesfaglege fag.

Den yrkesfaglege delen av Årdal vidaregåande er vidare svært nødvendig for å rekruttere til teknologi og industri – som er Årdal sin spesialitet. Akkurat dette er heile Sogn og regionen avhengige av.

Det er dette som er å styrkje kvarandre sin kompetanse – som til saman skal styrkje regionsenteret og heile regionen.

Det er viktig at me klarar å heve blikket og kunne reflektere over slike problemstillingar i eiga bygd og i bygdene rundt oss.

Først da klarar me å byggje oss sterke som ein region – til å bu, jobbe og trivast i.

Eg oppmodar sterkt fylkespolitikarane om å oppretthalde strukturen for påbygg i Sogn, slik den ligg føre i saka.