Viktor Yttri

Lærdal opplever som fleire distriktskommunar utfordringar med folketalsutvikling og demografisk samansetnad. Vår oppgåve som politikarar er blant anna å legge til rette for å snu negative trendar. I kommuneplanen sin samfunnsdel har Lærdal som mål å legge til rette for dei mellom 20-40 år.

Me må gjere oss attraktive for denne aldersgruppa. Grunnleggande ting er då ein jobb, ein stad å bu og gode tenester i nærleiken. Dei fleste vil gjerne bu sentrumsnært, men det er og mange heimflyttarar som overtek gardsbruk der dei vil etablera seg.

På Lærdalsøyri har det dei siste 7-8 åra vorte bygd mange leilegheiter som på Einemomarki og i Mari-Jakobvegen. Private utbyggarar og entreprenørar har sett moglegheiter og satsa på denne type utbyggingar med godt hell. Ein er i sluttfasen med realisering av desse prosjekta, og kvar går vegen vidare?

Eit prosjekt er Grandane Park, også omtala som trehusbyen på området mellom Villakssenteret og byggevareforretninga Montèr og Infraplast. Utfordringa for å få til ei realisering ligg i flaumsikring av Lærdalselvi. Dette må på plass før ein får gjort noko som helst. Ein må sjå etter moglegheiter for fortetting elles på Lærdalsøyri, og ein må legga til rette for å bygge høgare for å få ei større utnytting.

Så er det kanskje ikkje leilegheit dei mellom 20-40 år tenkjer seg når dei flyttar til Lærdal. Mange kjem gjerne frå leilegheit i by og ynskjer seg større plass, gjerne ein einebustad med hage. Dette er ikkje lett å oppdrive, då det knapt finst ledige einebustadtomter att på Lærdalsøyri.

Me jobbar framleis med ferdigstilling av arealplanen i kommunen, og i den ligg blant anna ein fortettingsplan i Hanseskogen som i utgangspunktet legg til rette for over 30 bustadtomter. Kor mange tomter det blir når alle motsegner er løyst står att å sjå, men me håpar det kan bli noko som monnar med eit slikt utgangspunkt. Bygging av leilegheiter har ført til at me har fått ein meir fungerande bustadmarknad i Lærdal. Eldre menneske ynskjer seg gjerne ein leilegheit for å tilpasse seg alderdommen, og då legg dei einebustaden sin ut for sal. Dette har løyst ein del for den yngre garde som søkjer større plass, men det er nok slik at mange ynskjer å bygge sitt eige nye hus. Då må me ha tilgjengelege einebustadtomter. I Saltkjelen bustadfelt finst det moglegheiter.

I kommunestyremøtet den 5. september 2019 vedtok me reguleringsplan for utviding av Saltkjelen bustadfelt, der me la til rette for 23 relativt store einebustadtomter på Ljøsne. Senterpartiet har gjennom valperioden etterlyst framdrift, og me meinar at styringspartia har forsømt seg, då dei ikkje har teke meir tak i den moglegheita som ligg mest i dagen for å få til byggeaktivitet i kommunen.

Senterpartiet ynskjer at kommunen bygger gjennomgangsbustad i Saltkjelen, for dei som vil «prøvebu» i Lærdal. På den måten kan kommunen vere aktivt med på å dra i gang utbyggingsprosjektet som er viktig for utviklinga på Ljøsne i åra framover.

I landbruket ser me ein positiv trend med gardsoverdragingar i Lærdal. Unge kjem heim å overtek. Dei eldre generasjonane vil gjerne bu vidare på garden, og då er det klart at dei unge må få bygge seg hus. På gardane står det gjerne fleire hus som tener som bustad for foreldre, besteforeldre, sesongarbeidarar og utleige. Standarden på husa varierar, og når dei unge kjem heim, vil dei gjerne bygge seg eit nytt hus etter eigne ynskje. Dei bygger ein heim og har lang tidshorisont. Kommunen må hjelpe til med råd og rettleiing slik at husa kan realiserast, for desse menneska treng me i Lærdal.

På Borgund er det kommunalt bustadfelt med ledige tomter og grunneigarar har spennande planar for nye felt. Det kan vere minihus og ulike typar tunløysingar. Me treng variasjonen slik at det finst tilbod til alle, for at Lærdal skal vere attraktiv som bustadkommune.

Som politikar i Lærdal må me tore å sjå på moglegheitene og tenkje stort, for når Statsforvaltar, NVE, Vestland Fylkeskommune m.fl. har komme med sine syn, kan det tilgjengelege utbyggingsarealet vere kraftig redusert.

Me i Senterpartiet er klare til å få fart på løysingar rundt bustadutfordringane i Lærdal!