Karoline Andaur, Bente Lier, Dag Terje Klarp Solvang

Naturen er under stadig større press, samtidig som opplevingane den gir er avgjerande for både helse, livskvalitet og bulyst. Her er vårt bidrag til betre naturpolitikk der du bur.

Med ein rykande fersk liste over kva naturopplevingar folk bryr seg om og frykter å miste, har me i Norsk Friluftsliv, DNT og WWF sett oss ned og utarbeida ein pakke med politiske løysingar. Denne ligg no ute på verdtåbevare.no med konkrete forslag til tiltak for å bevare kvar av dei ti naturopplevingane på «raudlista for truga naturopplevingar».

Nær 1500 innspel kom inn då me i vår spurte kva naturopplevingar folk i Noreg er redde for å miste. Ein uavhengig fagjury gjorde deretter innspela om til ei liste med ti truga naturopplevingar, som over 16 000 engasjerte seg i ved å stemme på det dei sjølv frykter skal gå tapt.

Dei ti opplevingane på folket si «raudliste for truga naturopplevingar» er fugleliv og naturlydar, frodig flora og yrande dyreliv, urørt natur, levande hav og fjord, nærnatur, gamalskog, kyst og strandsone, hausting på naturen sine premisser, stillheit og mørke, og skigåing, årstider og snørike vintre.

No er det opp til politikarane i kommunen der du bur. Me håpar dei tek bekymringane på alvor og følgher opp med handling. All natur ligg i ein kommune, og mange av avgjerslene som endrer norsk natur, vert tekne nettopp der. Heldigvis treng dei ikke finna opp kruttet – det har me allereie gjort – men det er opp til folkevalte lokalt å setta løysingane til liv.

Me føresler mellom anna at kommunane bør sikra innbyggarane sin tilgang til naturopplevingar ved å begrense nedbygging av natur, og me meiner dei bør bruka naturen aktivt i alle tenestene i kommunen, frå helse og omsorg til oppvekst og utdanning.

Ei spørreundersøking Opinion har gjort for WWF, syner at heile to av tre veljarar meiner at bevaring av lokal natur er viktig for dei når dei skal stemma ved det komande valet. Partier som tek veljarane sine på alvor, må difor ha skikkeleg naturpolitikk. For det er ikkje likegyldig for folk om marka øydeleggjast, om strandsona er tilgjengeleg for alle, eller om dei har tilgang på grøntområder og nærnatur der dei bur.

Sjølv skal me sørgje for at alle ny- og attvalte lokalpolitikarar får denne tiltakspakka så snart haustens valresultat er klare. Me håpar dei tek vår invitasjon til å nytta den for å sikre god naturpolitikk lokalt.

Allereie no kan du som vel utfordra politikarane på om dei har politikk som ivaretar naturen og opplevingane som er viktige for deg. Er det konkrete lokale utbyggingssaker som splitter partia der du bur? Vil politikarane seie nei til nedbygging av viktig naturmangfald og karbonlager i naturen? Kva meiner folkevalte der du bur om arealnøytralitet? Kva vil dei gjera for å kutta utslepp og bidra til meir ombruk i kommunen?

Din stemme i lokalvalet kan gjera ein forskjell for naturen. Godt naturval!