Andreas W. Wiese

Eg har nyleg fått den store æra å få vere ordførarkandidat for Luster Senterparti, så før me forsvinn inn i fjellheimen med påfølgjande påskekrim og marsipanegg, så vil eg forsikre alle lustringar om at vår politikk er godt forankra i det lokalsamfunnet me saman har bygd opp dei siste åra.

Luster kommune er ein annleiskommune i positiv forstand. Me har god økonomisk styring, og me nyttar dei store finansielle musklane som vasskrafta gjev til det beste for innbyggjarane. Straumstøtte til næringsliv og private har vore avgjerande når usikkerheita herja som verst nasjonalt og internasjonalt. Senterpartiet er opptekne av at dei ressursane me rår over i størst mogleg grad skal nyttast på gode kommunale tenester og attraktive bumiljø i alle delar av kommunen.

Høgre sin kommunalpolitiske talsmann skulda Senterpartiet for skremselspropaganda, då me påpeikte farane ved deira fornya glød for vidare kommunereform i tida framover. No er det valår, og viss det er slik at ikkje Høgre vil vedkjenne seg si eige politikk når veljarane har høve til å seie sitt, så lyt me andre setje lys på saka.

Me i Luster nyt godt av nærleiken til vårt regionsenter i Sogndal. Her finn me ikkje berre ein arbeidsmarknad, men òg utvida tenester og butikkar som bidreg til vekst også hjå oss. Men for Senterpartiet er det avgjerande at Luster framleis blir Luster, og at kommunesenteret vårt i Gaupne vert styrka. Berre slik vil det også bli attraktivt å bu i heile vår kommune, og berre slik kan me sjølv ha innverknad på kva for tenester som vi lustringar skal ha i vårt nærmiljø.

No set me fokus på sentrumsutvikling og eit sentrumsrom som gjer at tenester, opplevingar og handel heng saman på ein betre måte. Me har allereie vedteke ei stor satsing for seniorar i Gaupne. Denne må no også må knytast nærare dei tilboda som lustringar i alle livsfasar forventar at eit kommunesenter skal gje. Gaupne har fått store løft som sikrar idrett og fritid for alle. Når me i nær framtid kjem til Gaupne, så skal det vere lett å bli verande og få dekka dei behova me har også for eit sosialt daglegliv og gle oss over eit lite, men moderne byrom som gjev den gode bulysta som Luster har vorte så kjend for.

God påske alle saman.