Marie-Helene Hollevik Brandsdal

Det skal vera trygt å bli gammal i Årdal!

Arbeiderpartiet vil styrka den offentlege eldreomsorga. Me skal arbeida for eit heilskapeleg og brukarvenleg tenestetilbod, slik at dei som ynskjer det skal få bu og motta tenester i heimen.

Me skal arbeida for rett til sjukeheimsplass når du har behov for heildøgn omsorg. Me skal styrka dagtilbodet og avlastning for personar med demens. Me vil etablera eit dagsenter i samband med nytt omsorgssenter.

Det skal vera trygt å bu på sjukeheim og motta omsorgstenester. Du skal vera trygg på at du kjenner dei tilsette. Difor skal me fortsette å auka andelen heile og faste stillingar, for å gje dei tilsette tid til å ta vare på kvar enkelt.

Me skal arbeida for å auka grunnbemanninga og legge til rette for å behalde dyktige tilsette. Me skal gje dei som ynskjer det auka kompetanse og stille opp, for å rekruttere fleire dyktige tilsette til omsorgstenesta.

Me skal arbeida for stabile legetenester. Det skal vera godt å bli gammal i Årdal!