Bjørn Thomas Haugen

Først vil eg ynskja alle listekandidatar lukke til med valet. Me stiller alle til val med ei tru på at våre meiningar skal gjera Årdal kommune til ein god plass å bu.

Valmoglegheitane er få seier mange, eg stemmer blankt seier andre. Høgre og Ap er dei to største partia på landsbasis, slik sett kan ein seie at politikken til desse to partia er den som folk flest kjenner seg att i og identifiserer seg med.

Vil du ha noko anna? Ja da står du fritt til å ta din del av ansvaret, og stilla til val for det partiet som du identifiserer deg med.

Stemmer du blankt so er det eit standpunkt i seg sjølv, men sit ikkje da og kritiser oss som i alle fall prøver å ta vår del av ansvaret med å styra Årdal vidare. Du hadde same moglegheit, men valde å plassera deg sjølv på sidelinja.

Historisk har Årdal alltid våre raud, og mykje av bakgrunnen for detta er statusen Ap har hatt som eit parti for arbeidarane og industrien. Detta skal sjølv ikkje ein høgre-mann nekta for.

Men lat oss sjå litt nærmare på norsk industripolitikk i etterkrigstid og fram til no.

Fram til midten av 1960 talet var Ap drivande for norsk næringsutvikling og særleg kraftkrevjande industri. Detta vart vidareført og til dels forsterka av den borgarlege sia. Mangen store bedrifter hadde statleg eigarskap pga. relativt svak privat kapital i Norge. Utover 70- og 80-talet utvikla dette seg under både Brundtland- og Willoch-regjeringane.

Statleg eigarskap gjekk ned i volum og omfang, og eigarmodellen som vart etablert for Hydro vart den føretrekte. Dette såg ein også i firma som Kongsberggruppen, DNB og Statoil.

Statleg eigarskap med privat styring utan for mykje politisk innblanding har vore ei god oppskrift for Noreg, og konsensus rundt dette har vore stor.

Dagens trend går i retning av ein meir aktiv næringspolitikk med fokus på det grøne skiftet.

Det ligg store økonomiske gevinstar frå staten for bedrifter som bidreg til dette skiftet.

Men her ligg og ei utfordring, ikkje alt er like gjennomtenkt og berekraftig. Men lovnader om gull og grønt skifte saman med gode inntekter kan væra vanskeleg å seia nei til.

Mi meining er at politikken skal leggja til rette for næringsutvikling, utan for mykje politiske føringar.

Ein skal og væra kritisk til enkelte interessegrupper som legg press på politikarar, med håp om eiga vinning.

Med desse orda håpar eg du vil ta ein ekstra runde på kva parti du vil stemma på under årets val. Me skal gjera vårt beste for å løfta og vidareutvikla industrien i bygda.

Stem blått, stem på meg eller mine partikollegaer og lat oss få eit mangfaldig kommunestyre som kan utfordra kvarandre.