Bjarte Helland

Svar på lesarinnlegg frå Torleif Sand og Lars Kjetil Skjeie som fronter eit emne som fagforeiningsleiarar.

Fakta må fram seier dei, og der er vi heilt einig, men det er kva vi er einig i. Vestland INP er tydelege på at vi ønsker å prioritere energi produsert i Norge til norsk produksjon av reine varer og produkt. Kva som blir oppfatta som fakta og kva enkelte meiner er påstandar kan diskuterast i det uendelege.

Industri- og Næringspartiet har sidan stiftinga på Rjukan 29.02.20 vore tydelege på at vi som politisk parti ønsker å prioritere vidareutvikling av industri og næringsliv. Vi har rimeleg og «berekraftig» energi tilgjengeleg, men det vi som parti reknar som fakta er at det politiske landskapet i Norge har prioritert å sende denne krafta ut av landet til svært lave bindande avtaler. Framfor å satse på den nasjonale forsynings-tryggleiken og overføringskapasitet så har nasjonale styresmakter prioritert å leggje «såkalla» utanlandskablar for å sende vårt regulerbare overskot sørover til Europa.

Vi har nå større kapasitet på eksport av straum bunden til ACER avtalen og europeisk kontroll enn kva vi har behov for i retur. Vi ser at det er stort behov for å skaffe energi til regionar som Høyanger, Årdal, Husnes, Øygarden med fleire, årsaka er at de har mange industriprosjekt på vent. Kva produksjon kapasitet de kunne hatt viss de tilgangen på billig og «berekraftig energi» var til stades. Hadde dagens styringsparti hatt fokuset internt i Norge framfor eksport, så ville ikkje statusen til mange prosjekt vore slik de i dag er. De framtidige energiberarane er kraftkrevjande, og trengjer vidareutvikling før storsatsinga kan begynne, men i Norge har vi moglegheita til å tilføre verdsmarknaden med reint produserte produkt med lite «klimaavtrykk» som enkelte vektlegg litt mykje. Dette ønsker INP nasjonalt og lokalt skal bli prioritert framfor eksport.

Det har vore mange diskusjonar om vindkraft, INP er tydelege på at dette ikkje er framtidas løysingar og har et tydeleg standpunkt mot vindkraft på land eller langs kysten. Premissane for utbygging med store tilskot i form av subsidiering er ikkje måten å satse på, ei heller berekraftig. Et viktig moment i berekraft må jo vere at det svarer seg økonomisk for å starte drift og utbygging?

At fagforeninga engasjerer seg i energidebatten er svært bra, dessverre så ser vi at frå toppen av fagforeninga så antar man at vindkraft er berekraftig? De ønsker storsatsing på energiberarar som hydrogen, men som vil leggje beslag på mykje energi og dermed frårøve distrikta moglegheit til å vidareutvikle produksjonen sin. Enkelte område i Norge kan nok satse på dette sidan vi IKKJE har overføringskapasitet til område som slit, men å fjerne kapasitet som de snakkar om frå allereie etablerte industri område bør man unngå.

Det blir nemnt at man ikkje bør ta nye vegval, og at energiloven ikkje bør utfordrast. Her er vi helt ueinige og fakta er slik vi ser det at energiloven og ACER-avtalene har resultert i stagnasjon i distrikta. Vi har forplikta oss til å levere uhorvelege mengder med vår reine energi inn i det europeiske marknaden, og resultatet er uavhengig av kva enkelte antar at den norske forbruker og industri/næringsliv har blitt skadelidande. Her bør de to fagforeinings fokkene sjå på ein fjellvitregel som er svært viktig: DET ER ALDRI FOR SEINT Å SNU

Vi skal saman sikre at fornufta kjem inn i debattane og diskusjonane igjen, men å blindt følgje etter flokken løyser aldri problem. VI må endre kurs når vi ser at kursen er sett for undergraving av distrikta.