Malvin Stenehjem

Me vil utvikla Årdal

Eg stiller til val for Årdal Arbeidarparti, eg har vore medlem heilt sidan det kollektive medlemskapen tok slutt 1996. No er eg styremedlem i Årdal Arbeidarparti.

Eg har vore tillitsvalt i Hydro Logistikk som det heiter no og medlem av styret i fagforeininga, difor er samarbeidet med fagforeininga det aller viktigaste for meg.

Trygge arbeidsplassar

For meg er det svært viktig at industrien vår må få nok kraft til konkurransedyktig pris for å utvikla seg vidare, industrien skal få ned utsleppa med ny teknologi og då treng dei meir kraft.

Arbeidarpartiet med ordføraren i spissen var med å trygge framtida til Norsun, det viser seg at kontaktnettet inn mot Arbeidarpartiet sentralt er avgjerande.

Eg vil arbeida for at resten av næringslivet i Årdal, ikkje berre dei to store, skal få utvikla seg vidare. Utan gode trygge arbeidsplassar kan me ikkje ha eit godt samfunn med gode tenester for innbyggjarane i Årdal.

Fornybar Energi

Eg meiner me har gjort eit godt vedtak i Arbeidarpartiet om å skaffa seg kunnskap om kva som blir kraftbehovet til industrien framover, Årdal Arbeidarparti har ikkje sagt ja til vindkraft.

Eg ser det som naturleg etter at me har fått kunnskap om kraftbehovet, vil sjå på oppgradering av vasskraft og linjekapasitet inn til Årdal.

Arbeidarpartiet står fast på at kraft produsert i Årdal og Fortun skal nyttast i Årdal.

Folketalsutvikling

Eg er glad for at Arbeidarpartiet vil vidareføra Tilflyttarkontoret, dei har gjort ein kjempejobb og klart å stabilisera folketalsutviklinga, eg håpar på vekst framover, det er viktig å få nye innbyggjarar for å dekka arbeidskraft-behovet til næringslivet vårt.

Eg meiner me skal vera positive til å ta imot og integrera innvandrarar i jobb eller skule.

Det er flott å sjå at nokon av våre unge vel å flytte heim etter utdanning eller jobb andre stadar i landet.

Eg vil arbeida for å leggja til rette for god bustad utvikling i Årdal, mangel på bustad eller tomt må ikkje stå i vegen for utvikling av Årdal.

Oppvekst

Arbeidarpartiet vil ha eit samfunn som gir like moglegheiter for alle, som bestefar til ungar i barnehagen, er trygge gode barnehagar viktig, dei må få dei ressursane som trengst, å få barnehageplass når barna er eitt år, er utfordrande, men viktig for foreldra og ikkje minst for tilflyttarar til Årdal.

Skulane våre skal vera ein trygg og god plass for læring, Årdal har investert mykje i digitale læremiddel dei siste åra, no får skulen også ekstra midlar frå regjeringa til fysiske skulebøker det er bra. Me har flinke tilsette i skulane våre som skapar eit trygt miljø og gode resultat.

Eg veit at samarbeid med dei tillitsvalde i skulane er svært viktig for Arbeidarpartiet, det er dei som veit best kva behova er.

Velferdstilbod

Eg er glad for at omsorgssenteret på Årdalstangen blir bygt, det er viktig å få eit godt tilbod for brukarar og tilsette, det er på høg tid. Det blir viktig å ha god styring med økonomien når me byggjer, det kan ikkje bli så dyrt at me etterpå må skjera drastisk tilbodet på helsetenester grunna kommuneøkonomien.

Samferdsel

Eg har vore sterkt engasjert i samferdselspørsmål om forlenging av Naustbukttunnelen og Sognefjellstunnellane, DAB og naudnett i tunnelane, det tek lang tid å få til noko, me kan likevel ikkje gje opp.

Årdal har fått Seimsdalstunnelen og Ljotelitunnelen, flott er det, men det står mykje igjen som rassikring av Finnsåstunnelen og standardheving av vegen til Naddvik.

Dei planlagde oppgraderinga av Steiggjatunnelen, Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen, eg vil arbeida for å få dagens standard T9,5 og ta bort farlege svingar.

Eg vil halda fram med å koma med forslag, slik som utviding av Fardalsvegen mot Tindevegen. Sikra skuleveg ved brua ved Ålmennhagen og utvida svingen over buss stoppet, dette i kategorien som mindre prosjekt på fylkesvegar.

Kultur og Idrett

Eg er glad for at Arbeidarpartiet skal arbeida for gode tilbod til ungane våre i idrett og kultur, me har mange lag og organisasjonar her, mange frivillige som står på.

Årdal har fått til mange gode prestasjonar i sport, musikk, og kunst. Me har mange flotte anlegg, som friluftsbassenget og eit flott bibliotek med fleire aktivitetar. Dette handla om trivsel og bulyst i Årdal.

No i valkampen har eg møtt folk som spør etter oppgradering av anlegg, nokon har venta lenge, difor håpar eg å få sett i gang nokon av dei no i perioden.

Eg er glad for at Arbeidarpartiet vil arbeida for utvikling av turismen i Årdal, me er ein nasjonalparkkommune og mykje flott natur å tilby turistane.

Fylkesvalet

Stem for at Vestland Arbeidarparti skal vinna valet og at vår Marie Helene Brandsdal skal koma inn på fylkestinget som Sogn sin representant, gje ho eit kryss.

Eg meiner at politikken til Arbeidarpartiet er best, me er imot privatisering av helsetenester og sentralisering.

Den vidaregåande skulen er så viktig for oss i Årdal, med rekruttering til næringslivet vårt og tilbod til ungdomane våre.

Vestland Arbeidarparti sin politikk er nærskuleprinsippet, det betyr at våre elevar kan gå den skulen som er nærmast, om du er einig så stemmer du Arbeidarpartiet i fylket også.

Eg vil arbeida for å gjennomføra programmet vårt i kommunestyret, om eg får tillit hjå veljarane.

Me vil utvikla Årdal, stem på Årdal Arbeidarparti, vil du gje meg eit kryss?

Godt Val!