Syner til orienteringsmøte i Samfunnshuset 12. februar der me i grove trekk fekk ei orientering om korleis det nye helse og omsorgssenteret i kommunen skal plasserast og kva det skal innehalde.

Frå min ståstad verkar det som Tangen sentrum med dette får eit løft om desse planane vert realiserte.

Eldrebølgja har så smått byrja å gjera seg gjeldande, og i dei komande åra vil kommunen som kjent få éin stor pågang av eldre!

Dette gjer at det no hastar med å koma i gang med arbeidet ! Vil håpa at politikarane har lært av gamle feil, der me har fått kommunale bygg strødd rundt i heile kommunen. Dette har ført til unødig store meirkostnader og dårleg utnytting av personale!

Det verkar som det no er nokre punkt som er viktige i vidare planlegging:

  • Å få tidsmessige og godt tilrettelagde bygg for ulike helsetenester!

  • Behov for å samla pleietrengende og helsepersonalet på èin stad!

  • Å få ned driftsutgiftene!

  • Å få samla fagmiljøa!

  • Dette vil og i enkelte tilfeller spara tid for pasientar som treng snarlig oppfølging!

Med å samla ALLE miljøa, som alternativ 1 i prosjektet syner, kan éin få mange fordeler, og ein får éin stad som vert fylt med liv og aktivitet!

Til dømes kan besøkande lettare ta éin avstikkar for å sjå til éin slektning eller venn som er brukar på huset når éin av andre grunnar likevel er innom!

Dette vil auka aktivitet og trivsel og skapa liv i èin ofte monoton kvardag ! Som ordføraren ber om: Lat ikkje dette verta ein Øvre-Tangen-strid, den har allereie øydelagt nok!

Legg til side personlege ønskje og interesser, og støtt denne gongen opp om å få til eit godt og framtidsretta helse og omsorgsenter i Årdal kommune!

Lukke til!