Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen og Geir Vangsnes, distriktsleiar i Kreftforeningen i Vestland

I januar rettar mange land i verda søkjelyset mot livmorhalskreft, også me i Noreg. Gjennom #sjekkdeg-kampanjen oppmodar Kreftforeningen kvinner mellom 25 og 69 år til å jamleg ta ei livmorhalsprøve. Nytt sidan i fjor er at alle prøver no blir testa for HPV. Det er ein meir kjenslevar test som gjer at så mange som 35 000 nordmenn i år vil få vita at dei har viruset.

Me veit at beskjeden om at ein er HPV-positiv vil gjera nokre urolege. Likevel er me glade for at denne testen er innført. Både fordi alle som vil få beskjed om at det ikkje er påvist HPV i livmorhalsen deira, no kan senka skuldrene i fem år til dei får neste brev frå Kreftregisteret med påminning. Og fordi me no har høve til å følgja opp dei som er HPV-positive tettare enn før.

Ein av desse er Maren Hatletvedt (27). No får ho oppfølging fordi ho har HPV-viruset og utvikla celleforandringar, som i nokre tilfelle kan vera eit forstadium til kreft.  I 2021 stilte ho opp i #sjekkdeg-kampanjen saman med mora Karianne Næss, som hadde uhelbredeleglivmorhalskreft: «Men mamma sa det til meg før ho døydde, og eg har sagt det til venninner: Det å få beskjed om at du har HPV eller celleforandringar, treng ikkje å vera noko negativt. Tenk heller at du skal vera glad for at det er oppdaga og kan følgjast opp før det eventuelt utviklar seg! Den moglegheita fekk aldri mamma. Ho sa sjølv at ho var eit døme på kor gale det kan gå viss ikkje du følgjer Livmorhalsprogrammet», fortel Maren.

Den nye prøva avdekkjer eit virus som kan utvikla seg til celleforandringar – som igjen kan utvikla seg til kreft. Med andre ord: Testen fangar opp det som i sjeldne tilfelle kan vera eit forstadium til eit forstadium. Det gir oss eit unikt høve til å overvaka ein situasjon før han finn stad.

Når me i Kreftforeningen for tiande gong set søkjelys på livmorhalskreft med kampanjen #sjekkdeg, har me eitt mål: At fleire skal kjenna samanhengen mellom HPV-viruset og livmorhalskreft. Og dermed få den dytten dei treng for å følgja Livmorhalsprogrammet.

Ei spørjeundersøking utført av Norstat på vegner av Kreftforeningen, viser at berre éin av tre veit at livmorhalskreft nesten alltid kjem HPV av. Knapt éin av ti veit at 80 prosent av oss blir smitta i løpet av livet.

Den manglande forståinga for dette, kan sannsynlegvis forklarast med at viruset for dei aller fleste vil vera heilt ufarleg. Kroppen handterer som oftast viruset av seg sjølv. Mange av dei 35 000 kvinnene som testar positivt i år, vil testa negativt neste gong.

Men no som alle kvinner skal testast for HPV gjennom Livmorhalsprogrammet, aukar behovet for kunnskap. Derfor er den innstendige oppmodinga vår til deg: Sjekk deg når du får påminning. Ikkje bli redd om du testar positivt, for du vil få god oppfølging!

Har du lese dette, veit du meir enn dei fleste om HPV. Hjelp oss å dela kunnskapen du no har fått!

PS: Livmorhalsprøver er eit tilbod til alle kvinner mellom 25 og 69 år i Noreg. Målet er å testa alle friske kvinner for å avdekkja og behandla celleforandringar før dei rekk å utvikla seg til kreft. Har du symptom som bløding utanom syklus, smerter eller unormal utflod, skal du gå til legen - uavhengig av alderen din, når du tok prøva sist, eller kva resultatet var. Då kan det vera andre undersøkingar enn livmorhalsprøve som er mest rett.