Mange og spreidde flyplassar har bidrege til at me kan bu og jobba i heile Noreg. Skal dette også vera mogleg i framtida, er me nøydd til å hjelpa Avinor i dag slik at Avinor-modellen overlever.

Det er liten tvil om at pandemien trefte luftfarten med stor kraft.

Me hugsar vel alle bileta av tomme flyplassar verda over, og redningspakkene som måtte på plass for å berge flyselskapa frå konkurs.

Heldigvis kan me igjen reisa med fly. Men sjølv om veldig mange passasjerar er tilbake, er ikkje trafikken som før. Det har fått store konsekvensar for Avinor, som får lågare inntekter enn forventa.

Avinor driftar alle dei statlege flyplassane i Noreg, og gjennom Avinor-modellen går overskotet av drifta av Oslo lufthamn og andre større flyplassar med på å drifte dei mindre og ikkje-lønsame flyplassane i distrikta. Det har i mange år vore ein vellukka modell.

Nokre har den siste tida tatt til ordet for å leggja ned nokre av de ikkje-lønsame flyplassane. Men for denne regjeringa er ikkje det aktuelt.

Fleire stader i vårt langstrekte land er det å fly nesten det same som å ta bussen for oss som bur i ein større by. Flyplassen er som busshaldeplassen. Luftfarten er difor heilt avgjerande for å at me skal kunne behalde verdiskaping og busetjing i heile landet.

Difor stiller regjeringa opp med nødvendige tiltak for å redda Avinor.

Det første me gjer er å auke lufthamnavgifta med 200 millionar kroner frå 2023 til 2024.

Vidare vil me vurdera å auka desse avgiftene som flyselskapa betalar for å bruke flyplassane ytterlegare frå 2024 til 2025. Samstundes vil me vurdera å redusera flypassasjeravgifta som ein kompensasjon. Det vil gje Avinor større inntekter, mens staten får mindre.

Samstundes vil me også sjå på andre tiltak, mellom anna om staten bør overta finansieringa av oppgåver Avinor i dag utfører for å sikra viktige samfunnsfunksjonar. Det kan for eksempel vera oppgåver knytt til ambulanseberedskap og grensekontroll.

Me vil også vurdera om Avinor kan få lov til å selje ikkje-taxfree-varer i taxfree-butikkane. Dette vil mellom anna kunne opne for sal av lokalproduserte varer.

I tillegg skal det gjennomførast ein selskapsgjennomgang av Avinor. Gjennomgangen skal mellom anna sjå på vidare effektivisering i Avinor og selskapets investeringar.

Men er det ikkje berre bra at færre menneske flyr, er det mange som spør seg. Og jo, dersom me berre skal sjå på klimautsleppa for flytrafikken per i dag, forstår eg at mange tenkjer det. Men på dette området kan me om få år sjå heilt andre moglegheiter enn dei me har i dag.

For så snart teknologien er moden, vil låg- og nullutsleppsfly, saman med forventa sterk auke i bruk av berekraftig flydrivstoff, kunne bidra til at luftfart sannsynlegvis blir ein av dei mest miljøvenlege transportformene i Noreg.

Også fordi behovet for infrastrukturutbygging moglegvis vil vere minimalt.

Mindre null- og lågutsleppsfly vil berre trenge ein kort rullebane. Det vil spare oss både for store utgifter og naturinngrep.

I mellomtida skal me sikra at passasjerar framleis får eit godt flytilbod over heile landet.