Oddvar Flæte

På slutten av fjoråret, vedtok Sogndal kommune ein plan for helse og omsorg. Planen la opp til ei endra retning av sektoren sine tenester. Beste effektive omsorgsnivå skulle leggast til grunn i all sakshandsaming og tildeling av tenester.

Planen listar opp fleire målsettingar, men ingen av dei er tidsett. Det vart skissert ei omsorgstrapp som skulle synleggjere tiltak som kommunen ville setje inn. Velferdsteknologi er eitt av sju satsingsområde.

Øvst oppe på ei slik trapp finn vi spesialbustader og sjukeheimsplassar. For at behovet for slike plassar skal bli færrast mogeleg, er det ein føresetnad at det blir gjort ein skikkeleg jobb med stega lenger nede – dei som gjer at innbyggarane kan klare seg sjølve. Derfor var det godt at kommunen for snart eit år sidan, lyste ut ei stilling innan velferdsteknologi. Men den har det sidan vore taust om.

I samband med budsjettet for 2023, kom signala om at ein vil redusere på toppen av trappa.

Eg ville sett pris på om kommunen presenterte heile omsorgstrappa med innhald og tidsetjing når ein forventar at dei er på plass som tilbod. Ei solid omsorgstrapp vil både gi visse om tilboda og betre forståing for når ein må gjere drastiske endringar.

Årsrapporten for 2022 syner at ein ligg etter på nokre område – også innan helse og omsorg.

Økonomi vil alltid måtte ligge til grunn ved prioriteringer. Men kva er dei viktigaste oppgåvene til Sogndal kommune?