Tonje Tangerud, Rune Timberlid, Øyvind Heimset Larsen

Sogndal Fotball sine supporterar er klare til ny sesong. Er du klar også? På Fosshaugane Campus har me eit tilbod til fotball-interesserte i alle aldrar!

Korona-pandemien har endra vanar hjå fotball-folket. Stadig fleire har vent seg til å sjå kampane på TV. Men fotball er og blir best på stadion. Det er på tribunen du best kan støtta laget ditt.

Me vonar fleire sogningar og fjordingar kan byrja å støtta laget frå tribunane igjen – ikkje frå sofakroken.

På Fosshaugane Campus har me tilbod til forskjellige grupper fotball-interesserte, til dømes dette:

  • Supporterklubben Saftkokaradn har sidan 2001 vore den offisielle supporterklubben. På ståplassane bak mål kan du som vil støtte laget saman med oss garantert sikra deg mange kjekke opplevingar og spennande stunder gjennom heile 2022 for ein kjempegod pris.

  • Juniorsvingen – eit vellukka initiativ for dei yngste frå Saftkokaradn og klubben. Med ein runde rundt midsirkelen før kampane og stor stemning på eige felt på Fylkestribuna til ein svært god pris, kan unge - særleg frå 6 til 13 år - setja sitt preg på heimekampane også i 2022.

  • Dei godt vaksne møtest i Seniorklubben før kampane. Her får me ofte besøk av aktuelle personar som informerer om lokale fotball-saker. I tillegg diskuterer me dagens kamp og mimrar om gamle, gode utgåver av laget.

Har du lyst å bli med oss? Ta kontakt om du har spørsmål. Saftkokaradn, Juniorsvingen og Seniorklubben har plass til fleire – mange fleire!

Me som støttar Sogndal Fotball er heldige. På Fosshaugane har klubben vår i snart 50 sesongar gitt oss tallause fantastiske fotball-opplevingar. Ikkje berre det - klubben tilbyr oss eitt av landets flottaste og mest intime fotballstadion.

Frå klubbkontora til Sogndal Fotball kjem det for tida optimistiske tonar som lover godt for framtida på Campus. Den nye sportslege leiinga, med Tore André Flo og Terje Skjeldestad i spissen, legg lista høgt sportsleg.

Dessutan blir det jobba betre enn nokon gong med talentutvikling i Sogndal Fotball. Klubben fortener at fleire aktivt støttar denne offensive satsinga.

Fotball er kjensler. For fotball-interesserte kan få ting måla seg med å koma til stadion før kamp. Kjenna på spaninga og forventningane. Treffa kjende og dela sorger og gleder kampen gjennom. Dyrka den sunne lokalpatriotismen gjennom å støtta laget ditt.

Så, ser vi deg på Fosshaugane Campus i år?

Stao no pao!