Marie-Helene Hollevik Brandsdal

I desse dagar byrjar born og unge igjen på skulen. Mange av dei har sin fyrste skuledag og dei gledar seg. Spente og forventningsfulle. Fleire born har ein utrygg skuleveg. For det er diverre slik at fylkesvegane våre er rasutsette, utrygge og har eit stort vedlikehaldsetterslep.

Fylkesvegane våre er alvorleg underfinansiert. Dei utgjer 80 prosent av vegane her i landet, men dei får kun 20 prosent av finansieringa. Det kan vi ikkje akseptere!

For Vestland Arbeiderparti kjem liv og helse fyrst. Vi vil prioritere rassikring, trafikktryggleik og trygge skulevegar på fylkesvegnettet. Vi skal arbeide for at Vestland skal bli ein trafikksikker fylkeskommune!

Riks- og europavegane spelar også ei avgjerande rolle for å knyta fylket vårt saman internt og med andre regionar nor, sør og aust for oss.

Gode, trygge og framkomelege vegar er avgjerande for at Vestland skal vere attraktivt for både busetnad og næring. Vi skal arbeide mot staten for å få mest mogleg samferdslemidlar til fylket og sikre forpliktande nasjonale planar for vedlikehald og rassikring av riks- og fylkesvegar. Målet er ei tredobling av rassikringsmidlane til Vestland og ei gjennomføring i løpet av 12 år.

Vestland Arbeiderparti legg nullvisjonen om at ingen skal døy eller verta hardt skadd til grunn for samferdslepolitikken!