Me skal ikkje lengre tilbake enn til slutten av september i fjor før me tilsette og pasientar ved Tronvik framleis jubla over gladnyheita om at rusposten vår skulle utvidast med 5 sengeplassar, men med ti dagars mellomrom kom kontrabeskjeden – Helse Førde skulle spare 130 millionar og Tronvik stod i fare for å bli nedlagt for å dekke inn 25 av dei.

Ei heilomvending der altså, som me tilsette og pasientar har hatt vanskar med å svelgje, med god grunn.

Alle desse årsakene, både økonomisk, samfunnsmessig og ikkje minst menneskeleg, har i tida etterpå blitt godt dokumentert og presentert for styret i Helse Førde, og uvissa me vart kasta ut i vart heldt i sjakk av trua på at sunn fornuft ville sigre.

Her skil nok me tilsette og pasientar lag med i alle fall 7 av dei 11 i styret som stemte for nedlegging av Tronvik, om kva som er sunn fornuft eller ikkje, men dei største konsekvensane er det i alle fall ingen tvil om kven som må bera. Det er pasientane som mistar 15 døgnplassar av unik karakter og med relasjonar for mange bygd opp over år.

Når estimert behov er nettopp 15 døgnplassar og resterande rusinstitusjon i Helse Førde har 7 ordinære plassar og Helse Vest som region byggjer ned sin kapasitet, er det lett å rekna seg til at det vil kome kostnader med kjøp av døgnplassar i andre føretak, og ein kjem heller ikkje utanom at kompenserande tiltak må til.

Problemet er derimot at desse i form av FACT-team (i denne samanheng) ikkje har komne lenger enn til skissebordet, og poliklinisk behandling veit me at ikkje hjelper – det er difor pasientane er på Tronvik, så ja, det var dette med sunn fornuft.

Med respekt for at det er eit stort ansvar å handtere både økonomiske rammer og samstundes ta vare på pasientane sine behov, må det likevel vera lov å spørje om ikkje innsparinga ved Tronvik vil verta ete opp og vel så det, av alternative løysingar for ei pasientgruppe som i alle fall ikkje blir mindre av at tall behandlingsplassar går ned.

Ville det ikkje ha vore naturleg å vente på ei slik avgjerd til ein visste kva sjukehustalen til Kjerkol som vektla styrking av psykisk helse og rus, faktisk ville bety for den økonomiske situasjonen til Helse Førde i klingande mynt før ein gjekk til eit så drastisk tiltak som nedlegging av den eldste og største rusposten i føretaket med 70 års historie i veggane?

Ein institusjon der tilsette og pasientar kjempa side om side i gjentatte fakkelmarkeringar og der tidlegare pasientar går ut i media for å vise sin støtte igjen og igjen? Kor mykje er det verdt i kroner og øre? Høyrte eg 25 millionar?