Ja folkens, i laurdagsavisa kunne me alle lesa om standpunktet som Arbeidarpartiet har teke i saka om nytt omsorgssenter. Overraskinga var ikkje stor for oss som lytta til utvalsmøte i helse, omsorg og NAV på måndag.

Legekontoret blir ikkje ein del av det nye omsorgssenteret.

Kva følelse sit eg att med? Skuffelse og oppgitt er nok mest beskrivande. Dei vel å gå for alternativ 2, omsorgssenter med 72 bustader utan legekontor. Skilnaden mellom alternativ 1 og 2 er på 5%. 5% folkens! Det er så svimlande lite at eg må trekka på smilebandet. Det er mindre en ein eventuell usikkerheitsmargin som vanlegvis blir lagt til slike prosjekt.

Ordføraren grunngjev detta med at det er på grunn av heilskapen i prosjektet? Han seier og at summen er «som ei pølse i slaktetida».

Om det skulle vera noko tvil, no har eg slutta og dra på smilebandet! No kjem frustrasjon og sinne. Og la det væra heilt klart, detta handlar om Tangen – Øvre!

Og her skal du få vita kvifor!

Her har det frå administrasjonen si side blitt satt ned ei ressursgruppe beståande av fagkompetanse frå helsefag og tekniske fag, samstundes har ein nytta eit velrenommert selskap som Norconsult for å utarbeide eit skisseprosjekt. Og det er eit godt stykke arbeid som er utført. Anbefalinga er klar, skal Årdal rusta seg mot den planlagde eldrebølga, der ein vil få ei auke på 50% for personar som er over 80 år innan år 2040, så må ein byggja nytt og ein må samla ressursane.

Ordføraren sto over si første store oppgåve, me skulle samlast som bygd, og helse- og omsorgstenestene skulle samlokaliserast og effektiviserast. At han da brukar eit uttrykk som «ei pølse i slaktetida» for å undervurdera faglege råd og anbefalingar, ja truleg draumen til fleire tilsette innan helse- og omsorg i Årdal er respektlaust.

Dei fleste er lei av å høyra «Tangen-Øvre» debatten, skal eg fortelja deg kva eg er lei? Jo det er alle dei som seier «ikkje gjer det til ein Tangen- Øvre ting, «detta handlar ikkje om Tangen-Øvre» og så tek dei val som faktisk beviser at det er akkurat det det er!

Korleis i alle dagar skal ein elles kunna ta eit val og seia nei til noko som er 5% dyrare, samtidig som det er fagleg anbefalt! Frustrasjonen til administrasjonen trur eg er til å ta og føla på etter noko slikt, og med Ap sine nye tilrådingar i saka (kan lesast lengre nede) så har Ap ilagt dei ei tvangstrøye som vil gjera vidare arbeid med denne saka tung. Eg let det liggja med dessa orda, og så går eg vidare i frustrasjonen.

Eit mykje brukt uttrykk for tida er sirkulærøkonomi, i Årdal har me det eg kallar sirkulærproblematikk. Me har dårleg økonomi, det må kuttast på tenester. Detta er ting som er aktuelt for oss som kommune i dag. Me har for mykje av alt i Årdal (ref. bygningsmasse), det er dyrt å drifta og dyrt å vedlikehalda. Med desse problema friskt i minne så mimra eg litt tilbake i tid.

I 2011-14 hadde Årdal store utfordringar med økonomien, ein måtte redusera driftskostnader med 18-20 millionar. Det skulle sparast innan omsorgstenestene, me skulle gå ned til eitt legekontor. Det vart nytta store summar til vikartenester innan helse- og omsorg osv… Høyres detta kjent ut? Ja det er akkurat der me er no igjen!

I 2013 kunne ein lesa om Årdal kommune sin store mengde med bygningsmassar, ja faktisk så var den dobbelt så stor per innbyggjar som i tilsvarande kommunar med innbyggjartal mellom 5.000 og 20.000. I 2013 kosta desse eigedommane Årdal kommune 67 millionar årleg, og lånekostnadar til bygg utgjorde 400 millionar.

Kva var det faglege rådet igjen? Jo, samlokalisering og effektivisering! Alle våre bygg som i dag husar helse- og omsorgstenester er gått ut på dato.

Kva er poenget mitt tenkjer du? Dersom ein ikkje tore å gjera store og til tider tøffe endringar så vil desse problema snart dukka opp igjen, derav uttrykket «sirkulærproblematikk».

Eg fryktar heilt ærleg at me vil sitta igjen med eit nytt omsorgssenter som blir minimalistisk, utdatert før det er ferdig og for lite med dei nye føringane som Ap legg på forprosjektet. Det er klart at me må ha eit edrueleg forhold til økonomi, men i staden for å leggja tunge føringar og krav, so burde ein oppmoda til at administrasjonen må tenkja nytt, effektivt og alternativt.

Det gir også eit feil bilete at nytt senter kostar tett oppunder 600 millionar og Årdal kun har 300 millionar. Husbanken gir tilskot ved bygging av nye omsorgssenter, her kan nemnast; inntil 2,187 millionar for institusjonsplassar (55 % av 3,977 millionar for eining med tilfredsstillande lokalt produksjonskjøkken), inntil 1,79 millionar for omsorgsplassar (45 % av 3,977 millionar for eining med tilfredsstillande lokalt produksjonskjøkken). I tillegg så får ein inntil 55 % av godkjente anleggskostnadar for fellesareal, teknisk anlegg, velferdsteknologi og lokale for dagaktivitetstilbod. Eg har ikkje eksakte summar, men utifrå kalkylen som skisseprosjektet har lagt fram kan det nok komma opp mot 300 millionar, i tillegg kjem innsparingar i høve dagens drift mht. effektivisering, sentralisering osv.

Ein må og tore å tenka større og langsiktig. Som eg nemnte tidlegare kjem eldrebølgja for fullt, ein vil få færre skatteytarar i Årdal samstundes som kostnadane for helse- og omsorg vil stiga. Har me ikkje råd no, vil me aldri få råd.

I 2023 fekk Årdal kommune eit utbytte frå Årdal energi på omlag 30 millionar for driftsåret 2022, det er sannsynleg at utbytte for 2023 vil liggja på tilsvarande nivå. Ein ser og at straum og inntekt knytt til straum har stabilisert seg på eit høgt nivå i Noreg. Om ein da tenkjer litt spenstig så kan ein fort sjå føre seg at Årdal kommune vil sitja igjen med mellom 100-125 millionar i utbytte for perioden 2023-2027. Dette er overskot som innbyggjarane i Årdal har vore med og skapt, og er det ei tid dei bør brukast og forvaltast så er den no.

Ap seier og at dei ikkje vil tømma kassen i høve andre områder i kommune, ref. barnehage, skule, vedlikehald osv. Her møter dei seg sjølv i døra. No har me sjansen til å strukturera helse- og omsorg skikkeleg og for framtida, men dei vel den enkle løysninga for å ikkje tråkka øvringane på «tedn» og ta ifrå dei legekontoret.

Kva skjer den dagen me skal setta oss ned å diskutera barnehage, skule, vedlikehald osv.? Me har i dag 6 barnehagar i kommunen! Når ein da veit at snittet for nyfødde i årdal er mellom 40-60 pr. år så ser ein galskapen! Me har i tillegg 2 barneskular og 2 ungdomsskular + alt det andre me har dobbelt opp av. Skjønnar du no kvifor me har mykje bygningsmassar i Årdal! Her må ein dei neste åra ta viktige strukturelle beslutningar. Men først må me fokusera på det som ligg på bordet, nytt omsorgssenter.

Heilt til slutt vil eg mimra tilbake til 2014, Årdal kommune var på Robek-lista og det skulle stemmast over nytt helsehus i Øvre Årdal. Budsjettsprekken var enorm, likevel så stemte Ap igjennom vedtaket. Var det nokon som sa at dette IKKJE handlar om Tangen-Øvre? Gløym det! ALT handlar om Tangen-Øvre, og den nye ordføraren går i sine forgjengarar sine fotspor, og dei byrjar etter kvart og bli djupe!

Eg er nyvalt leiar i Årdal høgre og detta var mine refleksjonar kring omsorgssenteret og kva kurs me bør staka ut for Årdal dei neste åra. Dessverre er me i mindretal og alt tilseier at saka allereie er avgjort før ho har vore behandla i kommunestyret den 21.03. Årdal Høgre gjekk til val på at alle helse og omsorgstenester skal samlast og det står me for.

Tilråding Ap: 1. Framlegg til skisseprosjekt vert vidareført til eit forprosjekt med alternativ 2, omsorgssenter med 72 busetnader, produksjonskjøken, ergo/fysioterapi og dagsenter. Forprosjektet må innarbeide justeringar tilpassa til økonomi og handlingsplan, inn i forprosjektet. 2. Økonomi- og handlingsplan, som vart vedteken i desember, må vere rettesnora for økonomien til prosjektet. Det vil seie eit mogeleg låneopptak på inntil 313 millionar kroner. 3. Kortidsplassane som i dag er på ÅBO og lokala som ergoterapi/fysioterapeut i dag har til kontor, trening og lager skal tilbakeførast som omsorgsbustadar. Heimetenesta avdeling Øvre skal fortsett ha tilhald på ÅBO. 4. Det skal parallelt med prosjekt nytt omsorgssenter lagast eit notat over drifts- og investeringskostnader knytt til arbeidet med tilbakeføring og eventuelle endringar som følgje av auka tilsette i heimetenesta og fleire bebuarar på ÅBO. Dette notatet skal seinast leverast ved ferdigstilling av forprosjekt nytt omsorgssenter. 5. Det skal utarbeidast ei oversikt over forventa innsparingar ved samlokalisering av dei føreslegne tenestene. 6. Det skal utarbeidast eit forslag til gjenbruk av bygga som blir fråflytta. Kostnader ved gjenbruk av bygga evt. riving/ombygging skal vurderast i forprosjektet. Det må utarbeidast ein plan for kva ein skal gjere med eksisterande bygningsmasse som blir ståande tom. 7. Prosjektet skal greie ut overflateparkering på festplassen. Kapasitet på parkering skal sjåast i samanheng og må vurderast med i høve totalkapasiteten for Årdalstangen sentrum. 8. Gitt endringane som kjem i forprosjektet framover må ein ta utgangspunkt i å bruke lite tilleggsareal. Det må og vurderast om ein kan bygge eit bygg på fire etasjar. 9. Nytt omsorgssenter skal vere nøkternt og det skal i forprosjektet vere eit fortsatt fokus på å redusere kostnadane ved bygging m.m. Prosjektet skal sjå på gjenbruk der dette er hensiktsmessig. 10. Omsorgssenteret skal prosjekterast med utgangspunkt i skisseprosjektrapporten med tilhøyrande kalkylar. Ei økonomisk usikkerheitsanalyse skal gjennomførast når forprosjektkalkylen føreligg. Endringar skal innarbeidast i budsjett og økonomiplan 2025– 2028. 11. Formannskapet tek i vare rolla som styringsgruppe i forprosjektfasen. Før oppstart av forprosjektfasen skal kommunedirektøren legge fram eit styringsdokument for forprosjektfasen til godkjenning hjå formannskapet som politisk styringsgruppe. 12. Forprosjektet skal legge til grunn at det skal bli inngått ein totalentreprisekontrakt, og at avtaleformular og kontraktsvilkåra i NS 8407 skal brukast som juridisk standard. 13. Endeleg vedtak om å gjennomføre byggeprosjektet blir gjort når forprosjekt med tilhøyrande kostnadsoverslag, samt utrekning av forventa innsparing ved samlokalisering og kostnadar ved drift av bygg.