Roger Tunold Bergsli

I snart 25 år har Årdal og fjella omkring vore ei fast adresse for oss når ferietid har mogleggjort ein tur frå Trondheim til årdalstraktene. Liv, kona mi, har familie og vener i Årdal og dermed eit livslangt bånd til bygda og fjella omkring. Heldig er eg, som dermed har blitt kjent med trivelege årdøler og dei storslegne Årdalsfjella som strekkjer seg mot himmelrand i alle retningar.

Eg har blitt glad i bygda ved Jotunheimens port i vest. Glad i fjella, de bratte liene, den milevide utsikta. Om det er ei solmild sommarkveld oppe på Vettismorki, ei regntung vandringsdag inne i Gravdalen eller i påskestemning susande på ski ned frå Slettningseggi. Eit mektig fjellrike der villrein, fjellrype og eit mangfald av arter har sin livsverd.

Jamleg les me Porten, og prøver å følgje med på store og små saker frå Årdal.

No står vindkraftindustrien ved Fred Olsen Renewables AS med sine planar ved dørene i Årdal.

Ja, me treng fornybar energi, ikkje minst for å kvitte oss med den fossile. Men, me treng også å snu kursen i måten me i dag forbruker natur og naturressursar på. Å ta vare på naturen er ei heilt sentral del av ei berekraftig framtid.

Verda erfarer allereie omfattande konsekvensar av ei klima- og naturkrise. Det er eit behov for å handtere og kjempe, både mot dei menneskeskapte klimaendringane og tapet av intakt natur. Nasjonalt og globalt. Også Noreg er avhengig av ei intakt natur som er livskraftig og mangfaldig nok til å redusere skadefare og konsekvensar av klimaendringane verda står oppe i. Noreg er ikkje eit unntak.

Arealinngrep som reduserer og trugar artsmangfald og stykke opp intakt natur er dermed ikkje ein del av løysinga for framtida. Heller ikkje i heimlege fjellområder. Vindkraftindustrien krev, i tillegg til synlegheita av vindturbinane, enorme inngrep i naturen, med vegar, vegskjæringar, kraftledningar og fyllingar. Ofte er argumentet at me må ofre noko natur for å skaffe nok fornybar energi. Men det er summen av alle arealendringar som no er for omfattande og høg. Nok natur er offeret. Løysinga på klimakrisen er ikkje å rasere og stykke opp enda meir intakt natur. Vindkraftindustri på land må etablerast i område som allereie er påverka av arealinngrep og industri, ikkje i relativt intakte og sårbare fjellområde slik som i Årdalsfjella.

Det er framtida for deler av Årdalsfjella som avgjerast no. Og dei viktige områda dette er for naturmangfald og friluftsliv for årdøler og tilreisande fjell-loffarar som meg sjølv. Dei vala som no takast for eller mot vindindustri i fjellheimen rundt bygda, er også eit val på vegner av komande generasjonar.

Alle har rett til å ytre sin meining om måten naturen rundt seg forvaltast. Det er viktig å no stå vakt om fjella som er peikt ut som aktuelle for vindturbinar. Og sei eit klart og tydeleg nei til vindindustri i ville og vakre Årdalsfjella.