Erling Sande

Pandemi og krig i Europa har gjort at vi brått har måtta handtere hendingar som mange har rekna som lite sannsynlege. Evna til å takle slike kriser vert i stor grad avgjort av om ein er godt forberedt. Difor sette vi i gang med å styrke beredskapen med ein gang vi fekk veljarane sin tillit til å danne regjering i fjor haust. Mange av tiltaka hadde vi arbeidd med over lang tid.

I 2017 og 2020 fremma Senterpartiet krav i Stortinget om at det vart satt ned ein totalberedskapskommisjon for å sikre at landet vårt var budd på å takle ulike kriser. Vi stilte og spørsmål om kor godt landet var rusta dersom det kom ein pandemi. Høgre, Frp, Venstre og Krf, som då hadde fleirtal, stemde ned forslaga om ein totalberedskapskommisjon. Det vart mellom anna hevda at ein pandemi var lite sannsynleg.

Den nye regjeringa med Senterpartiet og Arbeidarpartiet har sett ned ein totalberedskapskommisjon som vurderer kva kriser som kan treffe oss, og korleis vi best møter dei. Vi har styrka politiet med nær 150 nye stillingar og styrka sivile beredskapsmynde. Vi skal gå igjennom heile brann- og redningsområdet for å sikre at kommunane har nødvendige verktøy når ulukker og brannar oppstår.

Forsvaret vårt har fått auka midlar til å møte eit nytt trusselbilete, mellom anna er 1 milliard kroner sett av til å styrke beredskapslagera våre i krise og krig. Meir midlar skal nyttast til øvingsaktivitet for forsvaret. Vi har gjennom landbruksoppgjeret styrka norsk matproduksjon og evna for å kunne ha mat til eiga befolkning gjennom ei krise. Vi har starta arbeidet med å etablere kornlager. Vi aukar den nasjonale styringa over kraftressursane gjennom å begrense eksport for å sikre nok kraft nasjonalt i tider med lite vatn i kraftmagasina.

Fleire forslag som Senterpartiet har vore i mindretal på i Stortinget tidlegare, vert no realisert. Slik ivareteke vi som er folkevalde den viktigaste oppgåva vår: å sikre tryggleiken til folk over heile Noreg. Det handlar om å vere førebudd på at hendingar vi ikkje trudde kom til å skje likevel skjer.