Trude Klingenberg

Kjære Årdøler. Raudt eller blått. Valmogelegheitene er ikkje mange, men det er dette me har.

Fridom, likskap, solidaritet, er dei tre flotte orda som står på programmet til Arbeidarpartiet. Korleis definera ein eigentleg desse orda? For når eg snakkar med folk og høyrer på folk, så er det ikkje denne konklusjonen eg sit att med?

Kvifor høyrer eg historia der det ikkje er likskap for alle i bygda?

Kvifor får ikkje menneskjer rett hjelp til rett tid?

Kvifor blir systemet rikare og enkeltpersonar fattigare fordi systemet eller tenestene ikkje fungera?

Urett er det verste eg veit. Forskjellsbehandling er urett. Årdal treng ei endring, og difor stiller eg også til val. Problemstillingar som eg såg som 11 åring for 23 år sidan er framleis like relevant.

«Slik har me gjort det dei siste 60 åra og dette skal me fortsetje med». Årdal har danna ein samfunnskultur. Me som Årdøler har bygd opp Årdal. Årdøler er Årdal. Vonde vaner er av og til vanskelege å vende, men det er kanskje på tide å vende dei for samfunnet sitt beste?

«Bli med å gjer Årdal kommune til den beste plassen å bu. Me skal veksa gjennom eit levande demokrati, høyra på innbyggjarane gjennom gode og opne prosessar i alle saker. La oss saman få ei god og trygg bygd å bu i, saman med industri, kultur og reiseliv».

Det kan alltid opne seg nye mogelegheiter ved å prøve ei ny dør!