Kjære alle saman!

Eg er uendeleg rørt, glad og takknemleg over den flotte prisen «årets namn» eg mottok frå nettavisa Porten og Porten sine lesarar. Å bli nominert er stort i seg sjølv, men at eg skulle bli stemt fram til å få prisen blant alle desse flotte verdige kandidatane som var nominerte gjer meg audmjuk og takknemleg.

Dei frivillige organisasjonane gjer ein viktig og verdifull jobb i sine samfunn. Her er det mange som legg ned eit enormt arbeid utan å bli nemnt med namn. Så det er svært viktig å hugsa på at bak meg i IL Jotun, bak gjengen i Veterancupen, bak gjengen i ÅFK mødrene og bak gjengen i Hjartestartargruppa i Jostedalen er det mange andre som bidreg kvar einaste dag for dei organisasjonane me representerar. Og tusen takk til alle dei!

Takk og til den unge elevrådsleiaren frå Kaupanger. Det er så kjekt å sjå ungt engasjement. Jonas Aasen Engebø , er svært viktig for skulen på Kaupanger og Kaupanger som samfunn. Eg heiar på deg Jonas!

To av dei nominerte er stemt fram i form av arbeidet sitt.

Stine Moen Bakken, representerer ei viktig offentleg teneste for barn og ungdom. Me som vaks opp i perioden me hadde Lykkja og Hybili veit at veldrivne ungdomsklubbar er ein viktig arena i overgangsfasen mellom barn og unge vaksne. Det handlar om utvikling av ansvarskjensle, demokratiforståing og utvikling av fellesskap i viktige oppvekstår. Nominasjonen må forståast som ei positiv tilbakemelding til Årdal kommune om at klubbane er ein trygg og god samlingsplass for ungdomane i Årdal.

Den andre offentlege nominasjonen, dei tilsette i barnehagane i kommunen, representerer dei yngste innbyggjarane våre, og er tilsett for å gje eit godt tilbod til dei mest dyrebare me som foreldre og pårørande har. Denne nominasjonen ser eg på som ein oppvekkjar for oss alle, men mest for politikarane våre og Årdal kommune som har ansvar for at dette viktige tenesteområdet har gode nok rammevilkår.

Eg er heilt sikker på at me alle frå tid til anna har kjent på å ikkje strekke til i arbeidet vårt. Det er ikkje ei god kjensle. Ved fleire høve, og over lang tid, har det vore naudskrik frå barnehagetilsette til politisk og administrativt nivå i kommunen om ein uhaldbar situasjon.

Etter mange års utdanning, går ein på med krum hals og gler seg til å overføra all den kunnskapen ein har tileigna seg til beste for barna dei har ansvar for. Gjennom dyktig leiing i barnehagane vert gode planar lagde for framtidige barnehageår. Men det å gå heim den eine dagen etter den andre å kjenna på at dei heller ikkje i dag fekk gitt borna det pedagogiske innhaldet dei har krav på, at dei heller ikkje i dag hadde ledig tid til å kunne setje seg ned og gje ekstra omsorg til dei som trengde det, må vera tungt. Ei kjensle av ikkje å lukkast er ikkje bra over tid.

Offentleg tilsette, i barnehagane og omsorgsyrka elles, treng å bli sett og verdsett. Å motta prisen Årets nam er ei flott tilbakemelding å få og eg set stor pris at så mange har stemt på meg.

Samstundes ynskjer eg med dette innlegget å få fram at kjensla er litt dobbel når eg set ting i perspektiv.

Eg forstår at det er grunnleggande ulikt å vera frivillig og tilsett. Men drivaren bakom dei ulike rollane, at det du gjer betyr noko for andre, og at innsatsen din blir sett og verdsett, er ei drivkraft i eit kvart fellesskap.

Dette kjem ofte til syne i årdalssamfunnet. Me har ord på oss for å vera noko for oss sjølve og er kjende for å vera høglydte, for engasjementet vårt og for dugnadsånda blant folk.

Me gjekk nesten ut av vårt gode skinn i skulesaka for litt sidan. Påbygglinja på vidaregåande skulen vart ei heftig sak både politisk og i media. Me har tøffe kampar kvart einaste år, og det tærer på kreftene våre. Men eg kjenner ingen som er så engasjerte, stolte og tøffe som årdølene. Når me brettar opp ermane er me ikkje så lette å hanskast med og me får det ofte slik me vil.

Difor er mitt ynskje for det nye året og framtidige år at alle dei sterke kreftene i Årdal set seg saman og finn ut av korleis me vil ha det i eiga bygd og ikkje berre når me vert trua utanfrå.

På vegne av den organisasjonen eg representerer, vil eg takka alle som støttar idrettslaget og bidreg kvar einaste dag for å gje gode tilbod!

Årdal er ein trygg og god plass å veksa opp. Lat Årdal bli ein attraktiv plass å koma tilbake til og bli buande i. Det er me som bur i Årdal som kan gjera noko med det!

Med ynskje om eit godt, fredfullt og aktivt nytt år.

Audmjukt frå Ruth!