Ove Trellevik

Vestlandsopprøret mot regjeringa spreier seg, og det er ikkje så rart – lista over næringsfiendtlege tiltak frå denne regjeringa er lang som eit vondt år. Eg tør påstå at dette er den mest vestlandsnegative regjeringa i manns minne.

Regjeringa doblar formuesskatten, ein skatt som er svært Vestlandfiendtleg. Oslo og Akershus er dei områda i Norge der færrast tilsette jobbar i eit selskap som betaler formuesskatt. Regjeringa har foreslått ein grunnrenteskatt på Havbruksnæringen som kan gje over 108 prosent skatt. De fleste skjønner at dette ikkje er et berekraftig skattenivå, og investeringar langs kysten på 35–40 mld. kroner er sett på vent eller er terminerte.

Norsk maritim næring sysselset nærmare 85 000 menneske i Noreg og skapar verdiar for 154 milliardar kroner årleg. Likevel vil regjeringa kaste ut brønnbåtar, fôrbåtar, frakteskip og andre frå reiarlagsskatteordninga. Det legg forholda til rette for massiv utflagging av i dag norskflagga skip. Det betyr tap av norske arbeidsplassar. Vidare endra Regjeringa oljeskattepakken berre nokre månader før frist for innlevering av prosjekt. Dette skaper stor uvisse og kan i verste fall ramme både verftsindustri og leverandørindustri ved at potensielle prosjekt ikkje blir realisert. Utsetjing av 26. konsesjonsrunde til etter 2025 bremsar også aktiviteten. Nye innleigereglar frå 1. april «som treffer skipsverft hardt» kan medføre at prosjekt som kunne blitt gjennomført her langs kysten, no blir utført utanlands.

Regjeringa tar heller ikkje næringslivets utfordringar med høge kraftprisar på alvor, i ei tid der Staten tener grovt på dei høge kraftprisane. Regjeringa prioritera ikkje ei støtteordning til dei mest utsett verksemdene. Ei rekke kraftkommunar langs kysten fekk i desember 2022 varsel om trekk i rammetilskotet frå staten som var større enn dei ekstraordinære kraftinntektene. Det går ut over dei kommunale tenestene når ein kommune får mindre inntekter enn utgifter. Regjeringa har varsla at trekket ikkje skal justerast før til sommaren.

Regjeringas avgjerd om å flytte toppleiarjobbar i Fiskeridirektoratet vekk frå Vestlandet forvitrar kompetansemiljø. Frå før veit vi at Ålesund allereie er fråteken viktige statlege kompetansemiljø. Regjeringa reduserer statleg aktivitet langs heile vestlandskysten. Regjeringa gjer blaffen i Vestlandet og opprettar «Oslo-sentriske» utval der Vestlandet ikkje er representert. Regjeringa vil kutte viktige samferdsels investeringar som for eksempel E16 og ny jarnbane Bergen -Voss. På Austlandet kan pendlarane nytte tog, finansiert av Staten. På vestlandet lyt vi finansiere ferje og båtane sjølv med Fylkeskommunen sine midlar. Det er nok no Støre, Vedum & Co. Ta til vet og snu.