Sæmund Stokstad

Den kanskje største utfordringa til Lærdal kommune dei komande åra er folketalet. I alle høve om me skal tru på dei dystre spådomane til Statistisk sentralbyrå. Og me bør i alle høve handla som om me trur på dei. Det er lett å peika på behovet for arbeidsplassar og tilgjengelege bustader og tomter. Og dette er sjølvsagt viktig, men det er meir!

For livet er meir enn berre heimen og arbeidsplassen. Me er sosiale vesen, og me treng møteplassar. Og her meiner eg at innbyggjarane i Lærdal har spisskompetanse. Spørsmålet i overskrifta har eg fått av fleire i nabokommunane våre. Korleis klarer lærdølene å engasjera so mange til dugnad? Korleis får de folk til å stilla opp?

Frå eg flytta til Lærdal for litt over fem år sidan har eg vore imponert. Gjennom året gir mellom anna idrettslaget, turlaget, kor og korps og skyttarlaga eit mangfoldig og inkluderande tilbod til barn, ungdom og vaksne. Det er noko for dei aller fleste.

I tillegg er det fleire store arrangement som VM i rakfisk, Jordeplerock, Kom heimatt og ikkje minst Lærdalsmarknadane. Arrangementa osar positivitet og entusiasme. Og naboane våre spør, korleis får de det til?

Sjølvsagt har eldsjelene ein stor del av æra. Og dei er det mange av i Lærdal. Men det er ikkje heile svaret. Eg trur det er noko med kulturen til lærdølene. Lærdølene er stolte av kommunen sin, og me er glad i å visa kor flott det er å bu her. Og dette er viktig! For det er på desse arrangementa folk møtest.

Det er på Kom heimatt og Jordeplerocken folk kjem tilbake og tanken slår dei: "Kanskje skal me busetja oss i Lærdal." Det er då dei tenker tilbake på tilrettelegginga som vart gjort av skyttarlaget eller turlaget i barndommen. Det er derfor Lærdal kommune må satsa på frivilligheita.

Me som bur her, må vera medvitne alt som skjer, me må nytta oss av tilboda og me må halda fram å snakka om det. Politikarane si oppgåve er å sørgja for at rammene er gode nok. Me må finna måtar å premiera dugnadsinnsatsen og frivilligheita.

I denne kommunestyreperioden auka me kulturmidlane som lag og organisasjonar kan søka på. Men pengar er ikkje den einaste medisinen. Kanskje er det praktiske like viktig. At administrasjonen syner fleksibilitet og velvilje når arrangørane treng det.

I tillegg til å auka kulturmidlane vart det bestemt at lag og organisasjonar skal kunna låna kulturbygg til møte og arrangement utan å måtta betala for det. For det er dei frivillige som fyller kulturbygga med liv gjennom heile året.

Lærdal SV vil jobba for at frivilligheita får dei gode rammene dei treng for å halda ved like det flotte tilbodet som er i kommunen.

I tillegg til å sikra dei økonomiske rammene vil me halda fram med å jobba for at administrasjonen i kommunen har kompetanse og kapasitet til å vera den støttespelaren frivillige lag og organisasjonar treng. Gode ord og applaus skal de sjølvsagt også få, for det fortjener de!