Anette Stegegjerdet Norberg

Det er relativt krevjande å rekruttera nye til politisk arbeid. Tida med småbarn er for dei fleste ei tid ein går i konstant skvis mellom å vera seint ute, dreten, tom for peng, gløymsk, leitande etter næraste sjokolade, underprestert på jobb og overprestert på nattetid og i foreldremøte. Har me i Arbeidarpartiet klart å få ut kva me har kjempa fram? Det spørsmålet har eg stilt mannen min ein del gonger gjennom åra mine i Lustrapolitikken.

Eg forstår at det blir for lite krefter att til å bry seg med kommunepolitikk, eller val for den del, særleg når det blir fortalt so mange stader heile tida kor bra me har det. Mykje er svært bra i Luster, noko eg passar på å seia kvar gong ein sogndøl er i nærleiken. Men det har nokre gonger sperra for å ta tak i dei problema som er og som betyr noko for folk.

På vegner av Luster Arbeiderparti vil eg takka for alle innspel partiet har fått frå tilsette og foreldre med barn i barnehage og skule dei siste fire åra. Det var trygt å ha i ryggen då me kjempa for stor utbygging av Gaupne barnehage og Senterpartiet, både dåverande og noverande gruppeleiar, hevda at 12 plassar var nok for å møta veksten som er her og vil koma i kommunesenteret.

Det var viktig å kjenna dei krevjande forholda i barnehagen på Gamlestova då barnehagesaka på Hafslo trakk ut i langdrag og me prøvde å få sett ein dato for slutthandsaminga av saka. Hafslo, ei bygd i sterk vekst, bør ha fleirbrukshall, tilpassa bygda sine behov. Sjølv om me av og til får kjeft føl me nøye utviklinga i Sogn PPT og Sogn Barnevern. Og at barn og unge frå heile kommunen treng eit bygg for å oppleva og utøva kultur i kommunesenteret, treng me verkeleg utgreia det fleire gonger? Arbeidarpartiet står saman med foreldra som brenn for eit betre tilbod for barna sine. Arbeidarpartiet måtte krevja straumstøtte til hushaldningar TO gonger før Senterpartiet og opposisjonen stemde med. Dette saman med fjerning av eigedomsskatten har hatt mykje å bety for unge i etablerarfasen, med store lån og barnehage og SFO å betala.

Alle parti ynskjer ein desentralisert struktur. Men det handlar om meir enn bygg. Det var ein lang kamp, men Arbeidarpartiet fekk til slutt gjennomslag for prosjekt på auka grunnbemanning i barnehage. Då kommunen freista innføra pandemi-matboksane som fast matordning i barnehagen, fekk me klar beskjed frå foreldra. Maten blei innført att, etter påtrykk frå Arbeidarpartiet og fleire. Auke til tre veker feriestengt barnehage var heilt uaktuelt. Tilbodet i barnehage og SFO betyr noko for at familiane skal kunne bu og trivast over heile kommunen. Arbeidarpartiet vil byggja ut velferda, ikkje skjære ned for å spara nokre kroner. Ein rik kommune som Luster skal ha råd til å satsa på dei minste innbyggjarane våre.

Sjølv om forslaga våre har fått støtte av – eller har vore fremja saman med – opposisjonen, har Arbeidarpartiet sett at me diverre må hengja på. Fleire barnehagar i kommunen bør ha auke i grunnbemanninga for å redusera vikarbruken. Ny opplæringslov, som trer i kraft i august 2024, gjev kommunepolitikarane makta til å bestemma om kommunen skal vera leksefri. Medan store kommunar evnar å fylla SFO med fritidsaktivitetar, om lag utan foreldrebetaling, kvifor prioriterer me det ikkje i Luster? Alle skal med. Ordførarkandidaten vår, Gunn Beate Thorsnes Lefdal, har hatt «skoa på» som lærar i Lustraskulen. Vel politikarar som har innsikt og mynde til å setja makt bak dei fromme lovnadene.

Arbeidarpartiet markerer alt me har fått til saman med tilsette og foreldre dei siste fire åra og det som står att med ansiktsmåling og litt leikar for borna og noko søtt for dei vaksne utanfor Pyramiden laurdag 26. august og 2. september 2023. Her blir det glitterfest og alle er velkomne! Godt val.