– Me får ganske greitt ver, og det er ikkje venta mykje nedbør. Einaste er at det vert ikkje så varmt, seier vakthavande meteorolog Ingri Halland Soldal.

Det er venta temperaturar på rundt 4 grader.

– Så kjem det an på kor mykje sola kjem gjennom og varmar.

Om natta vert det endå kaldare.

– Det vert nattefrost, og temperaturen kan komme heilt ned på minus fire denne veka. Det vil vere nattefrost til i alle fall måndag.

Kan komme snø

Det er ikkje umuleg at snøen melder sin framkomst att, torsdag kveld.

– Men det vert i så fall veldig lite. Det vert meir som eit dryss og kjem ikkje til å legge seg.

I følgje prognosane til meteorologen, vert det kaldt heile veka.

– Vidare inn i helga kjem temperaturen til å stige på søndag til rundt seks grader. Eg trur søndag vert ein fin dag. Litt mildare, og det kan verte ein del sol.

– Det er generelt kald luft på heile Vestlandet denne veka. Det vil nok verte litt mildare neste veke, seier meteorolog Ingri Halland Soldal.