Då er datoen for opninga av Sognefjellsvegen klar, og fylkeskommunen melder at vegen opnar allereie fredag.

Vegen opnar etter vinterstenging fredag klokka 12:00 med nattestenging dei fyrste to vekene. Då vert det stengt frå klokka 20:00 til 08:00 mellom Huldehaugen på vestsida og Rustadsæter på austsida.

Det vert anbefala å bruka vinterdekk på fjellovergangen.