Både Fv. 53 Bermålstunnelen, Kolnostunnelen, og Finnsåstunnelen i Årdal er stengt på grunn av eit trafikkuhell.
Det melder Vegtrafikksentralen på X klokka 22:31.
– To personbilar og ein lastebil kolliderte med ein stein som låg i vegbana inne i Kolnostunnelen. Det gjekk hol på dieseltanken til lastebilen så det er kome litt ut i vegbana, fortel operasjonsleiar Stein Rune Helleraker til Porten.
Politiet er no på staden.
Lastebilen er komen ut og står ein annan plass, mens dei to personbilane er framleis i tunnelen.
Det skal ikkje vera snakk om personskader.
Tunnelane kan verte stengt i nokre timar.