Søndag vart ein sjåfør stoppa i 80-sona i Lærdal. Det vart eit dyrt stopp for vedkomande.

– Sjåføren vart teken i 114 km/t, fortel Svein Inge Harbeg, politioverbetjent i Sogndal.

Sjåføren fekk dermed ei bot på heile 15 000 kroner og 6 prikkar på førarkortet.

– Vedkomande er framleis i prøvetida, og då får ein dobbelt med prikkar.

Harberg fortset:

– Får ein meir en 7 prikkar, ryker lappen.