Stig Stark-Johansen

I mi stilling må eg tola kritikk. Eg må også tola usakleg kritikk – og berre sitja stille i båten. Det står nærast i stillingsinstruksen til ein kvar rådmann eller kommunedirektør. I alle fall mellom linjene. Eg trur eg har fått nokså tjukk hud etter kvart.

Men når ein tidlegare rådmann, som i si tid var øvste administrative leiar i den same organisasjonen eg er leiar for i dag, hevdar at eg driv «kokkelimonke» med dei folkevalde, ser eg meg nøydd til å ta til motmæle.

Ein av mine forgjengarar, tidlegare rådmann i Årdal kommune, Ingvar Laberg, hevdar altså i eit lesarinnlegg publisert av Porten.no at eg truleg har bede Senterpartiet sin representant, Thomas Norheim Moen, om å stilla eit konkret spørsmål om det planlagde omsorgssenteret på Tangen frå talarstolen i kommunestyresalen. I følgje Laberg skal Moen ha opptredd som ein (sitat) «nyttig idiot for meg», slik at eg fekk dei spørsmåla eg ønskte å svara på.

Å hevda noko slikt er ikkje berre hinsides all folkeskikk og respekt for lokaldemokratiet, det er på grensa til rein idioti i seg sjølv.

For det første; Thomas Norheim Moen er ein av dei klokaste politikarane eg har møtt. Å gje denne representanten idiotstempelet er så langt det går an å komma frå røyndommen. For det andre – og berre for å gjera det klinkande klart; eg har aldri bede korkje Moen eller andre om å stilla spørsmål. Det er ikkje min stil.

Det Ingvar Laberg hevdar, har ikkje rot i verkelegheita. Dei konspirasjonsteoriane Laberg her forfektar, skadar årdalssamfunnet og kan bidra til å forsterka ei Øvre-Tangen-konflikt som ikkje bør vera der.

Utanfor offisielle møte har eg aldri diskutert nytt omsorgsenter med Sp-representanten Moen. Eg har heller ikkje diskutert dette med han etter at dette innlegget stod på trykk i Porten.no.

Eg vil ha meg fråbeden å blir utsett for slike påstandar. Konspirasjonsteoriane tykkjer eg strengt tatt ein røynd rådmann som Ingvar Laberg bør halda for seg sjølv.

Det seiast at på seg sjølv kjenner ein andre. Dette får meg til å undrast på om det var slike metodar Ingvar Laberg sjølv brukte i si tid som leiar for den største og viktigaste arbeidsplassen i bygda, men det blir naturleg nok berre spekulasjonar. Som eg vel å halda for meg sjølv.