Årdølene har venta i spenning og no kan TV2 stadfesta at det kjem ein ny sesong av «Alt for Årdal».

Det kom fram under eit intervju med Truls Hovland og Jarle Moheim på God morgen Norge måndag morgon.

– Me er utruleg glade for at me får lov til å fortsette å fortelja historia om dei herlege menneska i og rundt Årdal FK, skriv produsent Torstein Haug til Porten.

Han seier at «dette er to av dei mest spanande karakterane eg har møtt medan eg har produsert TV».

– Me kan stadfesta at det blir ein ny sesong av «Alt for Årdal» på TV2. Gjennom første sesong har sjåarane kome tett på bygda, innbyggjarane og den store lidenskapen dei alle har for Årdal FK, seier programdirektør i TV2 Trygve Rønningen.

– Me lovar meir lidenskap, lokalpatriotisme, og engasjement, i den komande sesongen. Me gler oss stort til å følgje denne flotte gjengen vidare på TV2.