Det held ikkje med berre ein Gulruten-nominasjon for TV-serien «Alt for Årdal». Etter å ha blitt nominert i kategorien «Beste karakterdrivne dokumentarserie» er duoen Truls Hovland og Jarle Moheim nominert til «Årets deltaker».

Det melder TV2 måndag morgon.

– Truls og Jarle i «Alt for Årdal» har sjarmert alle med sitt heilt spesielle og intime vennskap. Det skil nesten 40 år mellom dei to kompisane, men det er også det einaste som skil dei, skriv kanalen.

Jarle Moheim og Truls Hovland på God morgen Norge for å snakke om nominasjonen. Foto: Privat

– Kjærleiken og omsorga dei viser for kvarandre gjev oss mange uforglemmelege augneblikk, morosame kommentarar og absurde situasjonar, som gjer at ein ikkje kan la vera å bli glad i dei.

Kven som vinn er ikkje opp til ein jury, men sjåarane sjølv.

– Eg er berre glad for all den merksemda denne fine bygda kan få og eg syns det er ein fortent nominasjon ettersom dette er to av dei mest spanande karakterane eg har møtt medan eg har produsert TV. Eg håpar alle i Sogn og på heile Vestlandet stemmer dei fram til finalen, skriv produsent Torstein Haug i ein SMS til Porten.